Nutkasypress-slekta har berre éin art: nutkasypress i vestlege Nord-Amerika.

Kjenneteikn

Sjå arten.

Økologi og utbreiing

Slekta Callitropsis er no begrensa til arten nutkasypress og utbreidd som heimleg berre i vestlege Nord-Amerika.

Kommentarar

Det har vore mykje diskusjon kring sypress-slektene. Linné namnga berre éi slekt: Cupressus L. 1753, som utbreidd i Europa, Nord-Afrika, Asia og Nord- og Mellom-Amerika. I moderne tyding omfattar denne slekta no artar frå middelhavsområdet austover til Kina, med middelhavs-sypressen, Cupressus sempervirens L., som den mest kjende. På 1800-talet blei to andre slekter namnsette: Chamaecyparis Spach 1841 og Callitropsis Oerst. 1864. Desse slektene omfatta artar i Aust-Asia og Nord- og Mellom-Amerika. Det siste namnet, Callitropsis, kom ikkje mykje i bruk før Little (2006) førde over 17 amerikanske artar frå Cupressus til Callitropsis, på grunn av molekylære undersøkingar og fylogenetiske analysar. Namnet Callitropsis Oerst. vart laga av Anders Sandø Ørsted og byggjer på arten nutkasypress, dyrka i den botaniske hagen i København. Nutkasypress vart skilt ut frå dei andre amerikanske sypressane i 2002 av Farjon mfl. (2002), saman med ein art frå Vietnam og Kina, i den nye slekta Xanthocyparis Farjon & T.H.Nguyên. Dei andre, amerikanske artane i “gamle” Callitropsis vart skilde ut i ei ny slekt Hesperocyparis Bartel & R.A.Price av Adams mfl. (2009). No har ein funne ut at nutkasypress skil seg så mykje frå arten i Vietnam at dei to utgjer to ulike slekter, og då måtte ein ta opp at namnet Callitropsis nootkatensis for nutkasypress.

Sypress-gruppa omfattar difor no to meir artsrike slekter, Cupressus på den austlege halvkula og Hesperocyparis på den vestlege halvkula, og minst tre små satellittslekter: Xanthocyparis med éin art i Søraust-Asia, Callitropsis med éin art i vestlege Nord-Amerika, og lawsonsypress-slekta, Chamaecyparis, med nokre få artar vest og aust for det nordlege Stillehavet. Dette er ikkje uventa når ein veit kor gammal og geografisk oppsplitta sypress-gruppa er.

Kjelder

Adams RP, Bartel JA og Price RA (2009). A new genus, Hesperocyparis, for the cypresses of the Western Hemisphere (Xupressaceae). Phytologia 91: 160–185.

Farjon A, Nguyen TH, Harder DK, Lok PH og Averyanov L (2002). A new genus and species in Cupressaceae (Coniferales) from Northern Vietnam, Xanthocyparis vietnamensis. Novon 12: 179–189.

Little DP (2006). Evolution and circumscription of the true cypresses. Systematic Botany 31: 461–480.

Michener DC (1993). Chamaecyparis Spach. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 408–410.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Tutin TG (1993). Chamaecyparis Spach. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Xiang Q og Li J (2005). Derivation of Xanthocyparis and Juniperus from within Cupressus: Evidence from Sequences of nrDNA Internal Transcribed Spacer Region. Harvard Papers in Botany 9(2): 375–382.

Siden siteres som:

Solstad H og Elven R. Nutkasypress-slekta Callitropsis Oerst. www.artsdatabanken.no/Pages/305109. Lasta ned <dag.månad.år>.