Kranstreslekta har 19 artar, men berre to av desse er aktuelle i Noreg, stovegran frå Norfolk Island i vestlege Stillehavet mellom Ny-Caledonia og New Zealand, som stoveplante, og apeskrekktre, som eit ikkje svært vanleg prydtre i hagar og parkar sør- og vestpå. Nokre av dei finaste apeskrekktrea i Noreg kan ein sjå på nokre stader kring Bergen og Os i Hordaland og i eit arboret i Balestrand i Sogn og Fjordane.

Kjenneteikn

Sjå arten.

Økologi og utbreiing

Slekta er utbreidd på øyar vest i Stillehavet (Ny-Caledonia, Norfolk Island), på Ny-Guinea, i Australia, og i Sør-Amerika, og med arten apeskrekktre Araucaria araucana i sørlege Andes i Chile, Argentina og sørlegaste Brasil. Dette er nok det bartreet som går lengst mot sør. Det formar skog og er viktig i skråningane av Andes. I Noreg er det berre kjent frå store hagar, parkar og arboret, og det frøforvillar seg.

Kjelder

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kranstreslekta Araucaria Juss. www.artsdatabanken.no/Pages/305097. Lasta ned <dag.månad.år>.