Edelgranslekta Abies er den nest største slekta i furufamilien globalt. Ho er eit viktig innslag i skog i storparten av nordlege område og fjellstrøk i verda. Unnataket er Nordvest-Europa, kor det ikkje er nokon heimleg edelgranart i dag, men éin art gjekk nordover i alle fall i Vest-Europa i ei tidlegare mellomistid. I Noreg er 16–17 artar kjende som forvilla i dag.

Kjenneteikn

Edelgranartane blir frå mellomstore til svært store tre med kjegleforma krone og sprikjande greiner. Greinene er regelrett kransstilte. Borken er jamn på unge stammar og held seg jamn lenge. Knoppane er eggforma, spisse eller butte, og hos storparten av artane har dei harpiks, til dels svært mykje, til dømes hos balsamedelgran Abies balsamea. Nålene sit enkeltvis, spiralstilte og kring heile kvisten, men ofte er dei vridde slik at nålverket hos nokre artar verkar avflata eller flatt. Nålene sit rett på kvisten og let etter seg eit sirkelrundt eller elliptisk bladarr når dei fell av. Nålene er avflata, stundom med ei grop langsetter oversida, og oftast er dei butte eller utranda, men hos nokre få artar er nålene spisse, til dømes hos gresk edelgran Abies cephalonica. Undersida av nålene har hos alle artane to breie, kvite eller grålege band, kvart med fleire striper med spalteopningar. Hos mange artar kan oversida av nålene vera heilt utan spalteopningar eller berre med nokre spalteopningar i utydelege striper mot spissen. Hos desse artane er det stor skilnad på den jamt grøne oversida og den ofte svært bleike undersida av nålverket. Hos nokre artar er det mykje spalteopningar på begge sider av nåla, og her verkar heile nålverket blågrønt eller grågrønt. I nålene er det oftast to harpikskanalar, og desse kan sitje inn mot midten av nåla (medialt, og då er dei store) eller ut mot overflata (epidermalt, og då er dei små). Kor desse kanalane sit er ein viktig karakter for artsidentifikasjonen, og ein må kutte nåla på tvers og sjå i sterk lupe eller stereomikroskop for å kunne stadfeste dette. Nålene heng att på kvisten når han visnar eller når han blir pressa i eit herbarium, ein systematisk skilnad frå granslekta Picea og hemlokkslekta Tsuga, der nålene fell av dei tørre kvistane. Konglene sit på årsgamle kvistar og er ofte svært store, eggforma eller breitt sylindriske, og dei står rett opp på kvisten, ein markert skilnad frå til dømes granslekta Picea. Hos mange artar er dekkskjela lange og stikk opp og er synlege på utsida av kongleskjela òg når kongla er mogen; nokre få artar har dekkskjel som er bøygde attende nedover kongla. Kongleskjela er avrunda til vifteforma, tynne og utan apofyse og umbo (sjå furuslekta Pinus for forklaring). Når frøa er mogne, løyser kongla seg opp slik at frøa blir spreidde og para av dekkskjel og kongleskjel fell av enkeltvis, og det blir sitjande att ein tynn, vertikal tapp som er kjerna i kongla. Frøa har vengje og blir vindspreidde.

Vinterknoppane hos edelgran er oftast om lag kulerunde. Hos storparten av artane har dei mykje harpiks, som her hos sibiredelgran.

Når kongla er mogen, fell både dekkskjel og kongleskjel av, og midtaksen blir sitjande att som ein stiv tapp.

Konglene hos edelgranartane står opp på kvisten, og dekkskjela stikk ofte framom kongleskjela, særleg på umogne kongler.

Økologi og utbreiing

Edelgranartane veks i skog, ofte nokså tørt og ofte meir baserikt enn artane i granslekta Picea. Dei har eit svært tett nålverk, slik at det kjem lite lys ned på skogbotnen. Det er difor ofte lite undervegetasjon i ein Abies-skog.

Slekta har 40–50 artar globalt og er den nest største i familien (etter furuslekta Pinus). Ho har ei stor utbreiing globalt, men det er berre tre område kor ho har meir enn eit par artar: sju artar i Sør-Europa og kring Middelhavet aust til Kaukasus, 28 artar i Mellom- og Aust-Asia, og 14 artar i vestlege Nord-Amerika.

I Nord-Russland, Sibir og Nord-Amerika går fleire edelgranartar godt nord i dei boreale sonene, men dei er ikkje mellom dei trea som formar polare skoggrenser. I meir sørlege fjell er det meir vanleg at edelgranartar er ein del av eller utgjer skoggrense-skogen.

Den einaste europeiske arten som går nordom fjella ved Middelhavet, er arten edelgran Abies alba, som ofte er eit dominerande tre saman med platanlønn Acer pseudoplatanus i fjellskogen i Alpane og Karpatane nord til Midt-Tyskland og Midt-Polen. Fossilfunn av edelgran er kjende nord til Austersjøen i nordaustlege Tyskland og Baltikum, men det er lite truleg at edelgran har vore heimleg i Noreg nokon gang. Sibiredelgran Abies sibirica går frå Sibir inn i nordaustlege europeisk Russland til rett aust for Kvitsjøen. I Asia går fleire artar sør til Nord-India og Sør-Kina, og i vestlege Nord-Amerika går fleire sør til Mexico og Guatemala.

Mange edelgranartar er innførde i Noreg, og 16–17 artar, eller noko meir enn 30 % av dei artane som er kjende globalt, er funne forvilla i norsk natur. I alle fall éin av desse forvillar seg heilt nord til Troms, edelgran Abies alba, som no er så utbreidd at han er ein hyppig del av det norske skogbildet mange stader.

Kommentarar

I ein fylogenetisk og systematisk artikkel kjem Xiang mfl. (2018) med ei oppgradert inndeling av slekta Abies i seksjonar og med interessante tankar om korleis ho har breidd seg ut. Dei finn at ho har sju grupper som dei reknar som monofyletiske seksjonar (det vil seie utviklingsgreiner som har utvikla seg samla), og vi har representantar for seks av desse mellom dei forvilla artane i Noreg.

Seksjonen Abies omfattar dei sju artane kring Middelhavet, i Sør- og Mellom-Europa og aust til Kaukasus, og berre desse. Seksjonen utgjer ei hovudgrein i evolusjonstreet til Xiang m fl., og han synest å ha skilt seg ut nokså tidleg frå hovudgruppene av artar i Aust-Asia og vestlege Nord-Amerika. Tre artar som er funne forvilla i Noreg, høyrer hit: edelgran Abies alba, gresk edelgran Abies cephalonica og nordmannsedelgran Abies nordmanniana.

Dei tre følgjande seksjonane utgjer til saman ei anna hovudgrein i evolusjonstreet til Xiang mfl. Seksjonen Nobilis omfattar berre to artar i vestlege Nord-Amerika: nobelgran Abies procera og praktedelgran Abies magnifica. Begge er funne forvilla i Noreg. Seksjonen Amabilis har éin art i Aust-Asia, mariesedelgran Abies mariesii (Japan), og éin i vestlege Nord-Amerika, stillehavsedelgran Abies amabilis. Begge er funne forvilla i Noreg. Seksjonen Grandis omfattar ni artar i vestlege Nord-Amerika og sør til Mexico og Guatemala. To av desse er funne forvilla i Noreg: koloradodelegran Abies concolor og kjempeedelgran Abies grandis.

Seksjonen Bracteata inneheld berre éin, svært sjeldsynt art i Santa Lucia-fjella i California.

Seksjonen Balsamea omfattar sju eller åtte artar, med fire eller fem artar i Nord- og Aust-Asia og tre i Nord-Amerika. Nokre av desse er dei artane av slekta som går lengst mot nord. Mange av dei er funne forvilla i Noreg: balsamedelgran Abies balsamea og fjelledelgran Abies lasiocarpa frå Nord-Amerika, og sibiredelgran Abies sibirica, sakhalinedelgran Abies sachalinensis, koreaedelgran Abies koreana og veitchedelgran Abies veitchii frå Asia.

Seksjonen Pseudopicea er den største i slekta, med ca. 22 artar i Mellom- og Aust-Asia, og dei veks hovudsakleg i meir sørlege fjellstrøk. Berre éin av desse er funnen forvilla i Noreg: momiedelgran Abies firma frå Japan.

Xiang mfl. (2018) konkluderer med at artsmangfaldet er størst i Aust-Asia, men at mangfaldet i seksjonar er størst i vestlege Nord-Amerika. Dei argumenterer for at slekta har sitt utspring i vestlege Nord-Amerika, med sekundær spreiing til Asia og vidare til Europa og Middelhavsområdet. Samanhengen mellom Asia og Nord-Amerika vart broten ved inngangen til Pleistocen – istidsperioden – og dei klimatiske endringane under og etter Pleistocen har vore større i Nord-Amerika og Europa enn i Aust-Asia. Difor er det att fleire artar i Aust-Asia enn andre stader. Splittinga mellom seksjon Alba i Europa og artane i seksjonane i Himalaya og Kina, særleg seksjon Pseudopicea, har truleg og si historie attende til Pleistocen og istidene.

Utbreiinga til slekta edelgran har mange fellestrekk med andre slekter som har fått splitta opp si utbreiing i sein Tertiær og i Kvartær. Det sit att restar i område kor artane har kunna migrere vertikalt under dei store klimavariasjonane: i fjella kring Middelhavet og i Kaukasus, i Himalaya og fjella i Kina, Korea og Japan, og i fjella i vestlege Nord-Amerika. Det mønsteret som vi ser i dag, er truleg eit resultat av dette, med ei stor oppsplitting i geografisk avgrensa seksjonar, men der austlege Asia og vestlege Nord-Amerika har fleire felles seksjonar. Den mest isolerte av alle, er den vestlege seksjon Alba i Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia.

Kjelder

Chater AO (1993). Abies Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Edelgranslekta Abies Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/305094. Lasta ned <dag.månad.år>.