Fjelldouglasgran var. glauca er innlandsrasen av douglasgran i vestlege Nord-Amerika. Han er dyrka i Noreg og funnen forvilla i alle fall éin stad.
Innhold
Kjenneteikn
Nålverket er mørkgrønt til blågrønt eller grågrønt. Konglene er 4–7 cm lange med treflika og utbøygde eller stundom tilbakebøygde dekkskjel som stikk langt utom kongleskjelal.
Konglene hos fjelldouglasgran har dekkskjel som er utbøygde på unge kongler.
På gamle kongler hos fjelldouglasgran blir dekkskjela nedbøygde.
Kromosomtal
Fjelldouglasgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.
Økologi og utbreiing
Fjelldouglasgran er truleg noko dyrka i Noreg og er funnen forvilla i alle fall i Trondheim i Sør-Trøndelag. Elles veit vi lite førebels om denne rasen i Noreg.
Fjelldouglasgran er utbreidd i Rocky Mountains frå indre delar av British Columbia sørover gjennom USA til over grensa til Mexico.
Forvekslingar
Fjelldouglasgran skil seg frå kystdouglasgran var. menziesii i fargen på nålverket (mørkgrøn til grå- eller blågrøn meir enn gulgrøn), i noko mindre kongler, og i at dekkskjela i konglene er utbøygde til tilbakebøygde.
Kjelder
Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023
Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Lipscomb B (1993). Pseudotsuga Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 365–366.
Avvik mellom utbreiinga som er angjeve, og ho som synast i Artskart, skuldast at funna i Artskart er for dårleg dokumenterte, truleg byggjer på feilidentifiserte plantar eller feillokaliserte funn, eller gjeld dyrka plantar (i plantefelt). Stundom kjenner ein til førekomstar som førebels ikkje er inne i Artskart. Avvik kan òg skuldast taksonomiske endringar. Funn kan vere komne til etter at teksten vart utarbeidd i november 2021 og revidert i november 2023.