Dersom ein ute i skogen støyter på eit nokså smalt, kjegleforma tre som liknar mykje på ei norsk gran eller ei edelgran, men som har nokre merkelege kongler der det stikk fram treflika djevletunger mellom kongleskjela, så har ein nok støytt på ei douglasgran av slekta Pseudotsuga. Berre éin art av slekta er dyrka i Noreg, som skogstre og stundom som prydtre, og ein sjeldan gong forvilla.

Kjenneteikn

Sjå arten.

Økologi og utbreiing

Artane av douglasgranslekta blir store skogstre og veks ofte i tett skog som kan bli nokså mørk. Slekta har berre fem artar, to i vestlege Nord-Amerika og tre i Aust-Asia. Dette er ein vanleg disjunksjon (oppsplitta utbreiing), og ein reknar med at han har sitt opphav i den sterke reduksjonen for dei tertiære skogane ved nedkjølinga og uttørkinga nord i Stillehavsområdet ved inngangen til istidsperiodane i Pleistocen, kanskje for ca. 10 millionar år sidan.

Kommentarar

Det er fossilfunn av Pseudotsuga frå seinare delar av Tertiær i Europa, særleg i Tyskland (Kunzmann 2014), noko som syner at den disjunksjonen som vi ser i dag mellom Aust-Asia og Nord-Amerika, truleg heng saman med at arten har vore om lag sirkumpolær, men forsvann frå Europa og kanskje òg frå Vest-Asia under istidene.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Kunzmann L (2014). On the fossil history of Pseudotsuga Carr. (Pinaceae) in Europe. Palaeobiodiversity and Palaeoenvironments 94: 393–409.

Lipscomb B (1993). Pseudotsuga Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 365–366.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Douglasgranslekta Pseudotsuga Carrière. www.artsdatabanken.no/Pages/305058. Lasta ned <dag.månad.år>.