Innlandsvrifuru er den mest brukte rasen av vrifuru i Noreg. Ho kjem frå innlandsstrøk i vestlege Nord-Amerika og blir dyrka både for skogbruk og som prydtre.

Innhold

Av
Anne Elven
Last ned (5.45 MB, JPG)

Sterk spreiing av vrifuru (her innlandsvrifuru) i skog av lappfuru ved Skjevdalen i Røros.

Kjenneteikn

Innlandsvrifuru er eit tre som kan bli over 40 m høgt og oftast med rette stammar. Nålene blir opptil 8 cm lange. Konglene er noko skeive og tilbakebøygde på kvisten. Nokre kongler opnar seg tidleg, andre sit på treet i lang tid utan å opne seg, i påvente av ein skogbrann når dei opnar seg og spreier frøa. Ein finn difor ei rekkje med eldre kongler bakover på kvistene.

Kromosomtal

Innlandsvrifuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Innlandsvrifuru er nokså hyppig forvilla nord til Nordland, kanskje til Troms, og særleg mykje i spreiing i innlandet og høgtliggjande strøk. Ho er funnen til 950 moh i Dovre i Oppland. Ho er knytt til den boreonemorale til nordboreale sona. Innlandsvrifuru er svært lyskrevjande, set frø frå ca. 15–20 års alder og har små krav til jordsmonnet.

Innlandsvrifuru kjem frå vestlege Nord-Amerika, i fjellstrøk inne i landet og i indre dalføre frå California og Colorado nord til Alberta og Yukon Territory.

Kommentarar

I Nord-Amerika veks innlandsvrifuru på stader med særleg skrinn jord eller på stader med hyppige skogbrannar.

Forvekslingar

Om ein skal bestemme varietetane av vrifuru, så er kongleform og -stilling viktige skilnadar. Innlandsvrifuru har kongler som er litt skeive og tilbakebøygde på kvisten. Ho har nokre kongler som opnar seg og fell av etter frøspreiinga, medan andre blir sitjande att uopna på kvisten i mange år i påvente av ein skogbrann. Kystvrifuru var. contorta har kongler som er tydeleg skeive og tilbakebøygde på kvisten. Ho har kongler som oftast ikkje opnar seg utan påverknad frå skogbrann, så alle konglene sit på uopna i mange år. Sierravrifuru var. murrayana har rette kongler som står rett ut frå kvisten. Ho har kongler som opnar seg og fell av andre året, etter frøspreiinga. Dessutan er innlandsvrifuru og sierravrifuru store, rettstamma tre, medan kystvrifuru ofte er buskforma eller eit kortvokst, krokute tre.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pinus_contorta_latifolia.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Kral R (1993). Pinus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 373–398. Oxford University Press, New York, Oxford.

Avvik mellom utbreiinga som er angjeve, og ho som synast i Artskart, skuldast at funna i Artskart er for dårleg dokumenterte, truleg byggjer på feilidentifiserte plantar eller feillokaliserte funn, eller gjeld dyrka plantar (i plantefelt). Stundom kjenner ein til førekomstar som førebels ikkje er inne i Artskart. Avvik kan òg skuldast taksonomiske endringar. Funn kan vere komne til etter at teksten vart utarbeidd i november 2021 og revidert i november 2023.