Skogfuru er den vanlege furua i låglandet nord til Nordland.

Kjenneteikn

Skogfuru blir opptil 40 m høg og er oftast rettstamma. Nålene er granne og blir 3–7 cm lange, og dei er oftast blågrøne. På eldre skott sit nålene oftast nokså jamt fordelte og fell av etter 2–5 år.

Kromosomtal

Skogfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Skogfuru har same økologiske spennvidde som arten. Ho er hovudsakleg utbreidd frå nemoral til mellomboreal sone, men blir mykje erstatta av lappfuru i nordboreal sone. I Noreg er skogfuru einerådande i låglandet nord til og med Nordland, men ho kan òg ha førekomstar vidare nordover, heilt til Pasvikdalen i Aust-Finnmark, der ho nok har kome sørfrå, frå Nord-Finland. Skogfuru har truleg innvandra til Noreg frå sør og kanskje frå sørvest. På engelsk blir ho kalla “Scots Pine”, etter Skottland.

Skogfuru er utbreidd i Europa sør til fjella nord for Middelhavet og aust til Ural.

Forvekslingar

Det kan vera vanskeleg å sjå skilnad mellom underartane skogfuru og lappfuru. Skogfuru har nokså granne, noko blågrøne nåler der buntane sit nokså jamt langsetter kvistane og der nålene heng på i 2–5 år. Lappfuru har tjukkare og kortare, noko gulgrøne nåler der nålene, på eldre tre og kvistar, sit i buntar i tydeleg skilde kransar langsetter kvistane, og der nålene heng på i 6–10 år. Skogfuru er oftast rettstamma når ho veks i skog, medan lappfuru ofte er eit fleirstamma og noko krokete tre, òg når ho veks i skog.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Fremstad E og Pedersen O (2013). Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements. Akademika Publishing, Trondheim. 489 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Skogfuru Pinus sylvestris subsp. sylvestris. www.artsdatabanken.no/Pages/305047. Lasta ned <dag.månad.år>.