Rankfrøstjerne er ein middels høgvaksen, heimleg plante med ugreina og rak stengel. Det finst to underartar i Noreg; den eine er berre funnen i Sør- og Midt-Noreg, medan den andre finst både på Austlandet og i Nord-Noreg.

Kjenneteikn

Rankfrøstjerne er ei 40–70 cm høg, fleirårig og om lag snau urt med rak og om lag ugreina stengel. Blada manglar øyreblad, er avlange og to gonger finna med bleik underside. Arten har spreidde kjertlar på stengel, bladskaft og bladplate. Blomane er samla i ein lang og smal blomestand. Dei er små, lutande, gule og firetalige, utan kronblad og med begerblad som tidleg fell av, og med talrike hengjande pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, grøne og med arr som er tydeleg lengre enn nebbet.

Kromosomtal

Arten er oktoploid med grunntal x = 7. 2n = 56. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale (gjeld subsp. simplex – smalfrøstjerne).

Økologi og utbreiing

Dei to underartane har noko ulik økologi. Smalfrøstjerne subsp. simplex er hovudsakleg knytta til nokså tørr slåtteeng og engkantar. Finnmarksfrøstjerne subsp. boreale veks òg i slik eng, men er like eller meir vanleg i urterik skog og på elvekantar, og ein sjeldan gong i tørr tangvoll.

Smalfrøstjerne finst berre i Sør- og Midt-Noreg og er spreidd til nokså vanleg på Austlandet nordover frå Rakkestad (Østfold) og Porsgrunn (Telemark) til Trøndelagsgrensa og vestover til Vinje (Telemark) og Lærdal (Sogn og Fjordane). Han er òg funnen einskilde stader i Aust-Agder (Risør) og Møre og Romsdal (Giske og Rauma). Han er nokså vanleg lengst sør i Sør-Trøndelag (Oppdal og Røros) men berre sjeldsynt vidare til Nord-Trøndelag (Inderøy og Lierne). Finnmarksfrøstjerne har flest funn nordpå kor han veks i Nordland (Saltdal og Bodø) og mange stader frå Storfjord og Nordreisa (Troms) til Kvalsund og Karasjok (Finnmark), men finst òg i eit avgrensa område i Gudbrandsdalen og Valdres (Oppland), der han hovudsakleg er funnen i noko fuktig, næringsrik skog. Økologi og utbreiing er diskutert i mykje meir detalj hos Elven og Alm (2013). Arten er utbreidd i om lag heile Europa og storparten av Asia.

Rankfrøstjerne dominerer her ei overlaten slåtteeng på Røros.

Forvekslingar

Rankfrøstjerne kan verte forveksla med gulfrøstjerne T. flavum og hagefrøstjerne T. speciosissimum, men rankfrøstjerne har lutande blomar med hengjande pollenknappar med ca. 5 mm lange pollentrådar, medan dei to andre har opprette blomar med opprette pollenknappar med meir enn 10 mm lange pollentrådar. Dersom ein har plantar berre med blad, kan det vere svært vanskeleg å skilje mellom rankfrøstjerne og gulfrøstjerne. Rankfrøstjerne har spreidde kjertlar på stengel, bladskaft og bladplate, medan gulfrøstjerne manglar desse. Desse kjertlane er det ofte vanskeleg å sjå. Rankfrøstjerne manglar øyreblad, medan gulfrøstjerne har nokre små øyreblad som fell av tidleg, men der det ofte sit att restar.

Kjelder

Elven R og Alm T (2013). Thalictrum simplex L. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 418–421.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Rankfrøstjerne Thalictrum simplex L. www.artsdatabanken.no/Pages/286621. Lasta ned <dag/månad/år>.