Soleihov er ein heimleg plante som er vanleg på fuktige stader i det meste av landet. Han set eit sterkt gult preg på mange våte naturtypar på våren. Bekkeblom er eit anna vanleg namn på denne arten. Det finst to noko uklårt skilde underartar i Noreg: stor soleihov er vanleg i låglandet, kanskje særleg på Austlandet og Sørlandet, medan fjellsoleihov er vanleg i store delar av landet og opp i fjellskogen.

Soleihov har enkle, hjarteforma blad.

Kjennteikn

Soleihov er ei 15–30 cm høg, fleirårig urt med saftfull stengel. Greinene er oppstigande (subsp. palustris) eller nedliggjande og set ofte røter i bladfesta (subsp. radicans). Blada er enkle, breitt hjarteforma, grunt tanna og snaue. Kvar stengel har nokre få blomar som er 1,5–4 cm breie med fem skinande gule, petaloide (kronbladliknande) begerblad som er breie og ofte overlappar kvarandre (subsp. palustris) eller smalare og ikkje overlappar kvarandre (subsp. radicans). Kronblad manglar. Dei 5–15 fruktblada vert til skolmkapslar.

Soleihov har fem skinande gule, kronbladliknande begerblad.

Fruktblada hos soleihov vert til skolmkapslar, 5-15 i talet.

Kromosomtal

Polyploid med grunntal x = 7 og 8. 2n = 28, 32, 48, 52–88. Teljingar på 2n = 32 og 56 er mellom anna utførte på norsk materiale. Jamt over syner teljingar på subsp. palustris noko lågare, tetraploide, tal (28, 32, sjeldan 56) enn teljingar på subsp. radicans (48–88).

Økologi og utbreiing

Arten veks i fuktig slåtteeng og beitemark, i sumpskog, sump, vasskantar og grøfter. Han er ikkje særleg næringskrevjande. Soleihov er vanleg over heile landet. Arten som heilskap går i alt frå nemoral til subarktisk sone og opp i lågalpint høgdebelte. I vid tyding er han heimleg i storparten av Europa, Asia og Nord-Amerika (men ikkje Grønland).

Soleihov veks på fuktige stader, her i ein vasskant på Frøya.

Soleihov veks på fuktige stader, her i ein fuktig beiteskog i Eidsvoll.

Nikolai Astrup sitt stemningsfulle maleri "Soleienatt" syner soleihov som fargar grøfter og bekkekantar gule om våren i Jølster.

Kommentarar

Soleihov veks på fuktige stader, her fargar planta ei grøft på Aukra gul.

Soleihov er ein særs mangforma art, og mange forfattarar (særleg dei russiske) delar han opp i fleire artar. Variasjonen er diskutert hos Elven mfl. (2011). Russiske forfattarar aksepterer oftast subsp. radicans som artsskild frå C. palustris, det vil seie som C. radicans T.F.Forst. eller C. arctica R.Br. (det første namnet har prioritet). Dei skil òg ut tre andre underartar/artar i Sibir.

Piirainen (2001) aksepterte to underartar frå Norden, men det er uvisst om arten kan bli delt opp på det viset Piirainen gjorde; han kartla subsp. radicans som utbreidd hovudsakleg i fjellet og nordlege åstrakter, men òg som nokså hyppig på Jylland i Danmark. Plantane på kysten av Sør- og Midt-Noreg, som har nokre av dei vegetative morfologiske trekka sams med subsp. radicans, liknar meir på subsp. palustris i blomeform og blomestorleik.

Forvekslingar

Soleihov har ingen opplagde forvekslingsartar, kanskje med unnatak for vårkål Ficaria verna når denne veks på fuktige stader (slik som soleihov alltid gjer). Begge blømer tidleg på våren med gule blomar og har hjarte- til nyreforma blad og er snaue. Skilnadene er fleire: Soleihov har berre kronbladliknande begerblad, medan vårkål har både krone og beger. Soleihov har berre fem kronbladliknande begerblad medan vårkål har 7–12 blomeblad (både beger- og kronblad).

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (red.) 2011. Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Piirainen M (2001). Caltha L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 328–331.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Soleiehov Caltha palustris L. www.artsdatabanken.no/Pages/286619. Lasta ned <dag/månad/år>.