Glinsesoleieslekta
Coptidium
Glinsesoleieslekta har ei arktisk sirkumpolar utbreiing og inneheld berre dei tre artane vi har på Svalbard, kor ein òg veks på fastlandet. Artane veks i våtmark av ulikt slag og kan til og med vere reine vassplantar.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane i glinsesoleieslekta Coptidium er fleirårige, snaue urter som veks i myr, på våtmark og i vatn. Dei har krypande eller flytande jordstengel og set røter ved leddknutane. Blada er treflika eller heile. Blomen er flat med tre grøne begerblad og oftast 5–10 kvite eller bleikgule, glinsande kronblad med nektargrop ved grunnen og med sterk honninglukt. Honninglukta er ein klår skilnad frå soleieslekta Ranunculus slik ho er avgrensa her; ingen artar av Ranunculus har honninglukt. Fruktfestet er snautt hos glinsesoleiene, og smånøttene sit i ei noko avflata kuleforma samling. Smånøttene er glatte (ikkje rukkete), snaue og med tydeleg svampvev (flytevev) i øvre delen. Dei to frøsetjande artane er insektpollinerte, og fruktene spreier seg med vatn og fugl.
Glinsesoleiene vart tidlegare rekna til slekta Ranunculus, men er her skilde ut som ei eiga slekt. Slekta skil seg frå Ranunculus i trong meining ved å ha sterk honninglukt og smånøtter med flytevev. Det finst tre artar i Noreg (inkludert Svalbard), og alle er heimlege og veks i myr, våtmark og vatn.
Kjelder
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Hörandl E, Paun O, Johansson JT, Lehnebach C, Armstrong T, Chen L og Lockhart P (2005). Phylogenetic relationships and evolutionary traits in Ranunculus s.l. (Ranunculaceae) inferred from ITS sequence analysis. Molecular Phylogenetics and Evolution 36: 305–327.
Nilsson Ö (2001). Ranunculus lapponicus L., R. pallasii Schltdl. og R. ×spitsbergensis Hadač. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 232–234.
Paun O, Lehnebach C, Johansson JT, Lockhart P og Hörandl E (2005). Phylogenetic relatioships and biogeography of Ranunculus and allied genera (Ranunculaceae) in the Mediterranean region and in the European Alpine System. Taxon 54: 911–930.
Whittemore AT (1997). Ranunculus Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 88–135.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Glinsesoleieslekta Coptidium (Nyman) Tzvelev www.artsdatabanken.no/Pages/286617. Lasta ned <dag/månad/år>.