Vengjefrøstjerne er ein høgvaksen plante som er innført som prydplante. Han er funnen som forvilla nokre svært få stader i kyststrøk i Sør-Noreg. Arten er særprega ved å ha store, fiolette begerblad som er meir iaugefallande enn pollenberarane.

Kjenneteikn

Vengjefrøstjerne er ei 50–200 cm høg, fleirårig og om lag snau urt. Blada er tre gonger finna med hinner som liknar øyreblad ved grunnen av bladskaftet. Blomane er samla i ein stor blomestand med små og firetalige blomar utan kronblad, men med fiolette og om lag 15 mm lange begerblad som fell tidleg av, og med talrike pollenberarar i store, tette duskar i kvar blome. Pollentrådane er oftast bleikfiolette og trådsmale. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, grøne og breitt vengjekanta.

Vengjefrøstjerne, ein uvanleg delikat og fager representant for frøstjerneslekta. Arten er innført som prydplante og er her forvilla ved Aass bryggeri i Drammen, Buskerud.

Blomestanden er stor med påfallande store, fiolette begerblad som heng på lenge.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 7. 2n = 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vengjefrøstjerne er innført som prydplante og er funnen som forvilla i alle fall frå 1994. Ho er bufast og er funnen i krattskog og på skrotemark. Arten er så langt funnen i Drammen (Buskerud), Flekkefjord (Vest-Agder), Hå (Rogaland), Lærdal (Sogn og Fjordane) og Rauma (Møre og Romsdal). Han er heimleg i Vest-Kina.

Forvekslingar

Vengjefrøstjerne liknar akeleiefrøstjerne T. aquilegifolium, men skil seg frå ho i å ha større blomar, dvs. 1–1,5 cm breie mot 1 cm breie, ved at pollentrådane er trådsmalt jambreie og ikkje klubbeforma, og ved å ha smalt vengjekanta mot breitt vengjekanta frukter. Hos vengjefrøstjerne er det dessutan begerblada som er mest iaugefallande, medan det er pollenberarane som er mest synlege hos akeleiefrøstjerne.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Vengefrøstjerne Thalictrum delavayi Franch. www.artsdatabanken.no/Pages/286519. Lasta ned <dag/månad/år>.