Russefrøstjerne er ein nordaustleg utbreidd, nokså høgvaksen, heimleg plante som i Noreg berre er funnen i flomsona ved Tana med sideelvar i Aust-Finnmark.

Russefrøstjerne i flomsona ved Storfossen i Tana.

Kjenneteikn

Blada er store og breitt trekanta i omriss med om lag runde småblad.

Russefrøstjerne er ei 30–100 cm høg, fleirårig og om lag snau urt. Blada er store og breitt trekanta i omriss, tre gonger delte med lange skaft etter første deling og med om lag runde småblad. Blomane er samla i lutande knippe. Blomane er små og firetalige utan kronblad, med begerblad som tidleg fell av og med talrike pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Pollentrådane er bleikgule. Arra har lange og frynseforma papillar. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, grøne og utydeleg vengjekanta med langsgåande ribber.

Kromosomtal

Arten er heksaploid med grunntal x = 7. 2n = 42. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale, og det er berre éi bekrefta teljing, frå Nord-Finland. Fleire teljingar på 2n = 70 (dekaploid) frå nordlege europeisk Russland og nordlege Asia kan byggje på denne eller nærståande artar.

Økologi og utbreiing

Russefrøstjerne veks i flaumsona ved store elvar og i flaummarkskog i nordboreal sone. Arten er nordaustleg utbreidd og berre funnen som nokså sjeldsynt ved Tana med sideelvar i Finnmark (i kommunane Kautokeino, Karasjok og Tana), her funnen opp til 210 moh. i Karasjok. Økologi og utbreiing vert diskutert hos Elven (2013). Arten er elles utbreidd i Nordaust-Europa, Nord- og Aust-Asia og nordvestlege Nord-Amerika.

Kommentarar

Mange forfattarar inkluderer russefrøstjerne T. kemense i kystfrøstjerne T. minus, som T. minus subsp. kemense. Russefrøstjerne skil seg meir frå kystfrøstjerne enn dei to underartane av ho skil seg frå kvarandre. Vi handsamar difor her russefrøstjerne som ein særskild art.

Forvekslingar

Russefrøstjerne kan verte forveksla med kystfrøstjerne, men skil seg frå ho i å ha ein smal blomestand med få blomar mot den meir riktblømande kystfrøstjerna som har ein brei blomestand. Arra har lange og frynseforma papillar hos russefrøstjerne, medan dei har svært korte papillar hos kystfrøstjerne. Russefrøstjerne er dessutan berre kjent frå indre strøk i Aust-Finnmark, medan kystfrøstjerne berre er kjent frå sørlege kyststrøk i Sør-Noreg.

Kjelder

Elven R (2013). Thalictrum kemense Fr. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 416–418.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Russefrøstjerne Thalictrum kemense Fr. www.artsdatabanken.no/Pages/286513. Lasta ned <dag/månad/år>.