Dei kronbladliknande (petaloide) begerblada hos underarten stor soleihov overlappar.

Stor soleihov er ein heimleg plante som veks på fuktige stader i låglandet over mykje av landet, men det er uvisst kor utbreidd han er i vest og nord.

Kjenneteikn

Stor soleihov er ei 15–30 cm høg, fleirårig urt med saftfull stengel. Greinene er oppstigande og set ikkje røter. Blada er enkle, breitt avrunda, tanna og snaue. Kvar stengel har nokre få blomar som er 2–4 cm breie med fem skinande gule, petaloide (kronbladliknande) begerblad som er breie og ofte overlappar kvarandre i kantane. Kronblad manglar. Dei 5–15 fruktblada vert til skolmkapslar.

Kromosomtal

Tetraploid (sjeldan heksaploid) med grunntal x = 7 og 8. 2n = 28, 32, sjeldan 56. Teljingar på 2n = 32 er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stor soleihov veks i fuktig slåtteeng og beitemark, i sumpskog, sump, vasskantar og grøfter. Han er vanleg frå nemoral til i alle fall mellomboreal sone, kanskje òg i nordboreal, i låglandet i alle fall nord til fjordstrøk i Finnmark, og han har elles ei amfi-atlantisk utbreiing.

Forvekslingar

Stor soleihov kan verte forveksla med den andre underarten, fjellsoleihov subsp. radicans, men kan skiljast frå han ved at han har oppstigande greiner som ikkje set røter, medan fjellsoleihov har nedliggjande greiner som ofte set røter i bladfesta. Blomane er dessutan noko større hos stor soleihov (2–4 cm mot 1,5–3 cm) som òg har breiare blomeblad som ofte overlappar kvarandre i kantane, medan fjellsoleihov har smalare blomeblad som ikkje overlappar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org

Piirainen M (2001). Caltha L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 328–331.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Stor soleiehov Caltha palustris subsp. palustris  www.artsdatabanken.no/Pages/286504. Lasta ned <dag/månad/år>.