Stivranke er innført og dyrka som prydplante. Arten forvillar seg ein sjeldan gong og er førebels berre kjent frå Oslo, Akershus og Rogaland. Han kjem opphaveleg frå Mellom- og Sør-Europa.

Innhold

Av
Reidar Elven
Last ned (1.14 MB, JPG)

Stivranke avbilda i Botanisk hage på Tøyen i Oslo.

Kjenneteikn

Stivranke er ei 0,5–1 m høg, fleirårig opprett urt (ikkje ein slyngplante), med motsette finna blad med 5–7 eggforma, heile småblad. Blomane er talrike og sit i toppar i bladhjørne, ca. 1 cm store og med kvite, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Kronblad manglar; blomane har ikkje bikrone. Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert fjørforma og sit att på frukta.

Av
Reidar Elven
Last ned (4.11 MB, JPG)

Stivranke er ei opprett urt med motsette finna blad.

Av
Reidar Elven
Last ned (2.34 MB, JPG)

Dei kvite blomane er talrike, små og sit i toppar i bladhjørne.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stivranke er ein innført art som vert dyrka som prydplante. Han er førebels berre funnen forvilla i Oslo, Bærum (Akershus), Larvik (Vestfold) og Randaberg (Rogaland), men det er uvisst om han er bufast nokon stad; alle funna er frå einskilde år ulike stader. Arten er heimleg i Mellom- og Sør-Europa.

Forvekslingar

Stivranke har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.