Kubjølle er ein heimleg plante som blømer på våren kring Oslofjorden, på sandmark og tørt kalkberg.

Kjenneteikn

Kubjølle er ei 10–15 cm høg fleirårig urt med lodne blad og stenglar. Bladrosetten overvintrar ikkje. Dei tre kransstilte stengelblada er smalflika og sit oppunder ein stor og smalt klokkeforma, mørkfiolett blome som lutar rett ned. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), oftast seks i talet, langhåra med kvite silkehår utvendes og utbøygde i toppen. I fruktstadiet strekkjer stengelen seg godt over stengelblada, og planten kan bli opptil 40 cm med opprett fruktsamling. Fruktene er vindspreidde; griflane er lange og dunhåra og vert sitjande att på smånøttene.

Dei tre kransstilte stengelblada er smalflika og sit oppunder blomen.

Stengelen strekkjer seg i fruktstadiet. Fruktsamlinga er opprett.

Blomen er stor, mørkfiolett og smalt klokkeforma og lutar rett ned. Dei kronbladliknande begerblada er korthåra utvendes og utbøygde i toppen.

Griflane er lange og dunhåra og sit att på dei vindspreidde smånøttene.

Kromosomtal

Diploid og tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 16, 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kubjølle veks på noko baserik sandmark (skjelsand) og på tørt kalkberg i boreonemoral sone. Arten er søraustleg og veks spreidde stader kring ytre og midtre Oslofjorden frå Hvaler (Østfold) og Tjøme (Vestfold) nord til Moss (Østfold) og Våle (Vestfold), og éin stad på Hovedøya i Oslo i indre Oslofjorden. Førekomsten på Hovedøya har vore antyda som innført med troppane til Karl XII på byrjinga av 1700-talet, då dei hadde ein base på øya då dei omlægra Akershus festning under den store nordiske krigen, men dette er lite sannsynleg. Økologi og utbreiing i Noreg vert diskutert av Fægri (1996). Arten er utbreidd i Europa.

Forvekslingar

Kubjølle liknar noko på den dyrka og dels forvilla slektningen stor kubjølle P. vulgaris, men skil seg frå han i at kubjølle har hengjande, smalt klokkeforma blomar, og ikkje opprette, breitt skålforma blomar. Blomane er dessutan meir mørkfiolette hos kubjølle enn hos stor kubjølle.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1996). Pulsatilla pratensis. I: Fægri K og Danielsen A, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 89 + pl. 31.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kubjølle Pulsatilla pratensis (L.) Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/286487. Lasta ned <dag/månad/år>