Mogop er ein vakker, heimleg plante som blømer tidleg på våren, i fjellet ofte så tidleg at mange fjellvandrarar går glipp av han. Arten er lett kjenneleg både når han blømer og når han er i frukt. Kjært born har mange namn, heiter det. Andre namn på denne planta er mofivel og geitfivel. Forstavinga mo- skal ha samanheng med at arten veks på sandmoar, særleg furumoar.

Kjenneteikn

Mogop er ei 10–20 cm høg fleirårig urt med lodne blad og stenglar. Bladrosetten overvintrar. Dei tre kransstilte stengelblada er smalflika og sit oppunder den store, opne og skålforma blomen som først er opprett og sidan nikkande. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), oftast seks i talet, og sit i éin krans. Dei er fiolette utvendes med lange, brunlege silkehår, og er kvite eller stundom lysfiolette innvendes. I fruktstadiet strekkjer stengelen seg godt over stengelblada, og planten kan bli opptil 30 cm. Fruktene er vindspreidde; griflane er lange og dunhåra og vert sitjande att på smånøttene.

Blomane er fiolette utvendes med lange silkehår, og dei er kvite eller stundom lysfiolette utvendes.

Den store, opne og skålforma blomen hos mogop er først opprett og sidan nikkande.

Mogop har lodne blad og stenglar, og dei tre kransstilte, smalflika stengelblada sit oppunder blomen.

Stengelen strekkjer seg i fruktstadiet.

Griflane er lange og dunhåra og sit att på dei vindspreidde smånøttene.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er utførte mellom anna på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Mogop veks på tørr furumo, i beitemark og på rabb i fjellet og er mest typisk knytt til sørboreal til nordboreal sone og til låg- og mellomalpint høgdebelte. Han veks spreidde stader i låglandet på Austlandet nordover frå Eidskog (Hedmark) og Modum (Buskerud), men er meir vanleg i fjellet i Sør-Noreg nord til Tronfjell i Østerdalen og til Trollheimen. Ein isolert førekomst i Bodø (Nordland) kan skuldast spreiing frå utsåing i Saltdal (Nordland) eller kan vere ein heilt heimleg utpost-førekomst. Arten har gått sterkt attende i låglandet på Austlandet, men er framleis vanleg i nokre fjellstrøk, særleg i Jotunheimen og på Dovrefjell. Han veks opp til 1840 moh. i Jotunheimen (Lom, Oppland). Økologi og utbreiing i Noreg vert omfattande diskutert av Fremstad (2013). Mogop er utbreidd i Europa.

Mogop veks blant anna på tørr rabb i fjellet, ofte noko baserikt, her på Hjerkinn på Dovrefjell.

Her veks han på beitemark med vierkjerr, òg her på Hjerkinn.

Forvekslingar

Mogop har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fremstad E (2013). Pulsatilla vernalis (L.) Mill. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 321–324.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Mogop Pulsatilla vernalis (L.) Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/286486. Lasta ned <dag/månad/år>