Kystvassoleie er ein halvmeterlang, flytande, heimleg vassplante med kvite blomar. Arten tilhøyrer vassoleie-gruppa (underslekt Batrachium).

Kjenneteikn

Kystvassoleie er ein fleirårig vassplante med stenglar som ofte er halvmeterlange og flytande. Undervassblada er mørkgrøne og findelte, med skaft som stikk tydeleg ut av bladslira. Dei er oftast meir enn 4 cm lange, frå noko kortare enn til jamlange med ledda på stengelen. Dei fell penselforma saman når dei kjem opp frå vatnet. Flyteblada (når dei førekjem) er langskafta, grøne og grunt til djupt handflika med smal opning (mindre enn 90°) ved bladskaftet. Blome- og fruktskaft er korte til middels lange (oftast 1,5–3,5 cm), oftast kortare enn skaftet på støttebladet, og sterkt krøkte. Blomane er halvstore, 1–2 cm breie. Kronblada er kvite og ligg inntil kvarandre i kanten, men overlappar oftast ikkje. Nedst har dei ei skålforma nektargrop. Talet på pollenberarar er frå 10 til 25. Fruktfestet er håra. Smånøttene har tverr-ribber og er oftast håra med tydeleg nebb.

Kystvassoleie har stenglar som ofte er halvmeterlange og flytande.

Undervassblad er findelte, og flyteblad er grunt til djupt handflika med smal opning.

Kromosomtal

Arten er oftast heksaploid med grunntal x = 8. 2n = 48. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Mange rapportar for kromosomtal i Batrachium er upålitelege av di taksonomien og artsavgrensinga er vrien.

Økologi og utbreiing

Kystvassoleie veks i sjøar, grunne dammar, stille elvar, brakkvassdammar, ofte der det er næringsrikt. Arten er knytt til nemoral til sørboreal sone, men går òg inn i mellomboreal sone. Arten er mest utbreidd i låglandet på Austlandet og i kyststrøk i alle fall nord til Bodø (Nordland). Kystvassoleie har ei dårleg kjent utbreiing både i Noreg og elles, men er truleg heimleg i store delar av Europa og nokre stader i Nordvest-Afrika og Vest-Asia.

Kystvassoleie veks i sjøar, grunne dammar, stille elvar, brakkvassdammar, ofte der det er næringsrikt. Her i ein grunn alvar-dam på Öland.

Kommentarar

Det er uvisst om kystvassoleie kryssar seg med storvassoleie R. peltatus, men det er truleg. Det er òg truleg at ho kryssar seg med småvassoleie R. trichophyllus, men desse to artane er så like at det er svært vanskeleg å identifisere hybridar. Hybridar vil truleg vere sterile på grunn av ulike kromosomtal.

Forvekslingar

Kystvassoleie kan verte forveksla med dei andre vassoleiene; artane er vanskeleg å skilje, og plantar utan blome eller frukt let seg ofte ikkje namnfeste. Kystvassoleie med både flyteblad og undervassblad liknar kanskje mest på storvassoleie Ranunculus schmalhausenii, men desse kan skiljast på blomeskaftlengde, blomestorleik og forma på nektargropa på kronblada. Blomeskaftet er oftast kortare enn 5 cm og oftast kortare enn skaftet på det tilhøyrande bladet hos kystvassoleie, medan det oftast er lengre enn 5 cm og oftast lengre enn skaftet på det tilhøyrande bladet hos storvassoleie. Blomen er 1–2 cm brei hos kystvassoleie og 2–3 cm hos storvassoleie. Nektargropa nedst på kronblada er skålforma hos kystvassoleie og pæreforma hos storvassoleie. Kronblada hos storvassoleie overlappar kvarandre i kanten, medan dei ikkje gjer det hos kystvassoleie. Kystvassoleie utan flyteblad liknar svært mykje på småvassoleie Ranunculus trichophyllus, men dei to artane kan då skiljast på kronblada som er 5–10 mm og breie og når kvarandre i kantane hos kystvassoleie, og 3,5–6 mm og smale og når ikkje kvarandre i  kantane hos småvassoleie, og ikkje minst forma på nektargropa som er skålforma hos kystvassoleie og halvmåneforma hos småvassoleie.

Kjelder

Dahlgren G og Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 259–269.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kystvassoleie Ranunculus aquatilis L. www.artsdatabanken.no/Pages/286391. Lasta ned <dag/månad/år>.