Parksoleie er innført med grasfrø eller grasfôr. Planten har lang, krypande jordstengel og veks i matter. Han er bufast berre eit par stader sør i landet, i tillegg til i Barentsburg på Svalbard.

Kjenneteikn

Parksoleie har lang krypande jordstengel og veks i matter. Dette er en skilnad frå den heimlege underarten engsoleie.

Parksoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 40–75 cm høg. Stengelen er opprett og greina, med lange, sprikjande, kvite hår. Jordstengelen er krypande, og planten veks difor i store matter (i motsetnad til den andre underarten engsoleie og til skogsoleie). Grunnblada har kantete omriss og er delte om lag til grunnen i fem (sjeldan sju) flikar. Dei er tynne, breiflika og silkehåra på underside. Dei nedste støtteblada i blomestanden er enklare og mindre oppdelte enn grunnblada, oftast i tre hovudflikar. Blomane er frå 2 til 3,5 cm breie og sit ofte mange saman. Kronblada er glinsande gule og ligg inntil kvarandre eller overlappar litt. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er 2–4 mm lange, glatte, snaue og med kort og litt bøygd nebb.

Kromosomtal

Underarten er diploid med grunntal 7. 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Parksoleie er ein innført plante som er komen inn med grasfrø eller grasfôr. I fastlands-Noreg er han bufast i Nøtterøy (Vestfold) og Oslo, truleg komen inn med grasfrø frå Frankrike. På Svalbard er han kjend med ein stor, bufast førekomst i Barentsburg (sjå Liska og Soldán 2004, og Alsos mfl. 2015), truleg komen inn med grasfôr frå Nord-Russland. Denne førekomsten vert etter sigande stadig større og heng truleg saman med innførsel av russisk fôr til husdyra som tidlegare vart haldne i Barentsburg. Underarten er heimleg i Europa, men er vidt spreidd med grasfrø.

Forvekslingar

Parksoleie liknar på den andre underarten engsoleie subsp. acris, men parksoleie har lange, krypande jordstenglar og veks i matter, medan engsoleie ikkje gjer det. Parksoleie har dessutan sprikjande hår på stengel og bladskaft, medal engsoleie oftast har liggjande hår.

Kjelder

Alsos IG, Ware C og Elven R (2015). Past Arctic aliens have passed away, current ones may stay. Biological Invasions 17: 3113–3123.

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R og Elvebakk A (1996). A catalogue of Svalbard plants, fungi, algae, and cyanobacteria. Part 1. Vascular plants. Norsk Polarinst. Skr. 198: 9–55.

Liska J og Soldán Z 2004). Alien vascular plants recorded from the Barentsburg and Pyramiden settlements, Svalbard. Preslia 76: 279–290.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Parksoleie Ranunculus acris subsp. friesianus (Jord.) Syme. www.artsdatabanken.no/Pages/286368. Lasta ned <dag/månad/år>.