Kvitsymre er eit høgt skatta vårteikn.

Kvitsymre er ein heimleg, nokså lågvaksen plante som blømer om våren, og som er vanleg i det meste av landet. Han er eit kjært vårteikn som ofte dannar store matter i lauv- og barskog. Sjølv om kvitveis er giftig, åt tidlegare born både i Noreg og Sverige dei første kvitveisblomane om våren i trua på at det skulle verne mot hoggormbitt og sjukdom.

Kjenneteikn

Kvitsymre er ei fleirårig urt med krypande jordstengel. Planten vert ca. 10–30 cm høg. Han har tre langskafta stengelblad som anten er djupt treflika eller tredelte, og som sit i krans på stengelen. Blomane sit einskilde på stengelen. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), oftast seks i talet, og sit i éin krans. Dei er kvite, vert med tida ofte raudlege, og er snaue på undersida. Pollenknappane er gule. Blomane er insektpollinerte, og fruktene er snaue smånøtter som vert spreidde med maur.

Dei tre langskafta stengelblada sit i krans på stengelen og er djupt treflika eller tredelte.

Blomane sit einskilde på stengelen. Begerblada er kronbladliknande, oftast 6 i talet, kvite eller med tida raudlege.

Det er ikkje uvanleg at kvitsymre med tida får raudlege blomar.

Sokalla "fylt kvitsymre", der ein mutasjon fører til at pollenberarar og fruktblad er erstatta av blomeblad.

Økologi og utbreiing

Kvitsymre veks typisk i lågurtskog og er nokså lite basekrevjande. Ho veks både i granskog og lauvskog, heilt opp i fjellbjørkeskogen, og ho er òg vanleg på open mark, særleg i plenar, beitemark og på vegkantar. Arten er knytt til nemoral, boreonemoral og sør- og mellomboreal sone, men kan òg gå til nordboreal sone. Han er vanleg i det meste av landet nord til Rana (Nordland) og langsmed kysten vidare til Steigen og Vågan (Nordland). Arten er sjeldsynt eller manglar i øvre deler av Austlandet og i indre fjord- og dalstrøk på Vestlandet. Han kan vere innført elles lengre nord i det nordlegaste av Nordland og i Troms og Finnmark. I Troms er han ofte komen med granplantar i plantefelt. Kvitsymre er funnen så høgt som 1100 moh. i Vestre Slidre (Oppland). Arten er utbreidd i Europa.

Vakker kvitsymrematte i lågurtskog på Tranby i Lier.

Kromosomtal

Hovudsakleg tetraploide tal med grunntal x = 8. 2n = 32 (16 24–46), men det er stor variasjon i tal, frå kring diploid til kring heksaploid. Dette er noko som stundom førekjem hos plantar med hovudsakleg klonal formeiring. Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale, men denne variasjonen er godt dokumentert frå Sverige.

Kommentarar

Hybriden mellom kvitsymre og gulsymre A. ranunculoides, stundom kalla “halvveis”, har bleikgule blomar. Han er steril, men er funnen i store, vegetativt formeira bestandar i Ringsaker (Hedmark), Østre Toten (Oppland) og i Verdal (Nord-Trøndelag).

Stundom vert kvitsymre og gulsymre rekna til slekta: Anemonoides Mill.

Hybriden mellom kvitsymre og gulsymre har bleikgule blomar og vert stundom kalla "mellomveis", "urinveis" og liknande.

Forvekslingar

Kvitsymre liknar på den meir sjeldsynte arten gulsymre Anemone ranunculoides, men har kvite, oftast sekstalige blomar, og ikkje gule, oftast femtalige blomar. Blomane sit enkeltvis og ikkje to saman som er vanlegast hos gulsymre (sjeldnare éin eller tre saman). Stengelblada er langskafta hos kvitsymre, ikkje kortskafta eller uskafta som hos gulsymre.

Kvitsymre kan òg verte forveksla med filtsymre Anemone sylvestris og kanadasymre Anemonidium canadense. Heile planta er kvithåra hos filtsymre, og smånøttene er håra og vindspreidde, ikkje snaue og maurspreidde. Kanadasymre er meir høgvaksen med større blomar, og har dessutan femdelte grunnblad, ikkje tredelte som kvitsymre. Kandasymre har òg håra smånøtter som er vindspreidde, ikkje snaue og maurspreidde som hos kvitsymre.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293–307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hjelmstad R (2012). Medisinplanter i Norge. Helsebringende vekster i naturen. Gyldendal Norsk Forlag. 422s.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751s.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592s.

Starodubtzev VN (1983). Tsitotaksonomicheskoe issledovanie dalnevostochnykh vidoy roda Anemone (Ranunculaceae). Bot. Zhurn. 68: 1013–1021.

Starodubtzev VN (1991). Vetrenitsy: Sistematika i evoliutsiia. Nauka, Leningrad. 197s.

Starodubtzev VN (1995). Triba Anemoneae DC. I: Kharkevicz SS (red.), Plantae vasculares Orientis Extremi Sovietici 7: 68–93.

Uotila P (2001). Anemone L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kvitsymre Anemone nemorosa L. www.artsdatabanken.no/Pages/286357. Lasta ned <dag/månad/år>