Weymouthfuru er eit stort og nokså langsamt veksande tre. Ho er innført hovudsakleg som prydtre frå 1700-talet, men har òg vore noko brukt som skogstre. Weymouthfuru kjem frå austlege Nord-Amerika, frå Ontario, Québec og Newfoundland sør til nordlege Georgia og South Carolina.

Innhold

Kjenneteikn

Weymouthfuru er eit stort tre som kan bli frå 30 opptil 60 m. Stammen er lyst gråbrun. Unge kvistar er berre håra rett nedanfor nålfesta. Nålene sit fem saman i kvar bunt på kortskott og kan bli opptil 15 cm lange, men vanlegvis er dei mellom 6 og 10 cm. Konglene er avlange og opptil 20 cm lange. Kongleskjela er matte og har ein om lag flat apofyse. Weymoutfuru spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Av
Eli Fremstad
Last ned (2.61 MB, JPG)

Weymouthfuru blir et stort tre, òg i Noreg, her dyrka på ein gard i Stjørdal.

Av
Eli Fremstad
Last ned (3.98 MB, JPG)

Kvistane hos weymouthfuru ser snaue ut, men har ein liten hårdusk under kvar nålbunt.

Av
Eli Fremstad
Last ned (2.39 MB, JPG)

Hos weymouthfuru (og hos silkefuru) er apofysen endestilt på kongleskjelet.

Av
Eli Fremstad
Last ned (1.35 MB, JPG)

Mogne kongler av weymouthfuru.

Av
Eli Fremstad
Last ned (1.53 MB, JPG)

Weymouthfuru (og silkefuru) har umbo som er endestilt på kongleskjelet.

Kromosomtal

Weymouthfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Weymouthfuru er innført og blei planta på Bogstad i Oslo i alle fall så tidleg som ca. 1790. Ho er planta i hagar og arboret ein rekkje stader i landet nord til Saltdal i Nordland. Weymouthfuru er funnen forvilla ein rekkje stader og er fram til 2023 dokumentert som forvilla i Østfold, Oslo og Akershus, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Den heimlege utbreiinga omfattar austlege Nord-Amerika, frå Newfoundland og Québec i nord til Manitoba i vest og sørover til Georgia og South Carolina.

Kommentarar

Weymouthfuru er mellomvert for solbærfiltrust Cronartium ribicola, som er ein alvorleg skadesopp som angrip dei heimlege artane av rips og solbær. Difor har ho aldri vore prøvd ut i skogbruk i noko særleg omfang. Ho er likevel i auke som forvilla i norsk natur.

Forvekslingar

Weymouthfuru kan bli forveksla med andre furuartar med fem nåler i kvar bunt, særleg med silkefuru Pinus peuce som har liknande kongler, men òg med sembrafuru Pinus cembra og sibirsk sembrafuru Pinus sibirica. Kvistar som er grissent hårete berre ved nålfesta skil ho frå både silkefuru og frå sembrafuru og sibirsk sembrafuru, og lange, avlange kongler som opnar seg og som har frø med vengje skil ho frå sembrafuru og sibirsk sembrafuru.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Kral R (1993). Pinus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 373–398.

Avvik mellom utbreiinga som er angjeve, og ho som synast i Artskart, skuldast at funna i Artskart er for dårleg dokumenterte, truleg byggjer på feilidentifiserte plantar eller feillokaliserte funn, eller gjeld dyrka plantar (i plantefelt). Stundom kjenner ein til førekomstar som førebels ikkje er inne i Artskart. Avvik kan òg skuldast taksonomiske endringar. Funn kan vere komne til etter at teksten vart utarbeidd i november 2021 og revidert i november 2023.