Silkefuru har ei oppsplitta utbreiing i Søraust-Europa i dei Dinariske alpane og austover til Pirin-fjella på Balkan. Ho er mykje brukt i Sør- og Midt-Noreg som prydtre, men er òg noko brukt som skogstre.

Innhold

Kjenneteikn

Silkefuru kan bli eit nokså stort tre opptil 20–30 m høgt. Stammen er gråbrun. Unge kvistar er heilt snaue, òg rett nedanfor nålfesta. Nålene sit fem saman på kortskott og kan bli opptil 12 cm lange. Konglene er avlange og opptil 17 cm lange. Kongleskjela har ein endestilt umbo med ein markert konveks og blank apofyse. Silkefuru spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Av
Eli Fremstad
Last ned (2.51 MB, JPG)

Silkefuru er, ved sidan av bergfuru, den mest vanleg dyrka framande furuarten i norske hagar, her dyrka ved Teglverket i Trondheim.

Av
Eli Fremstad
Last ned (5.11 MB, JPG)

Borken hos silkefuru held seg glatt lenge, men sprekk opp til slutt.

Av
Eli Fremstad
Last ned (1.97 MB, JPG)

Kvistane hos silkefuru er heilt snaue, også rett under nålbuntane.

Av
Reidar Elven
Last ned (5.6 MB, JPG)

Umogne kongler hos silkefuru, her i Slottsparken i Oslo.

Av
Eli Fremstad
Last ned (2.55 MB, JPG)

Mogne kongler hos silkefuru har ein endestilt apofyse med ein markert konveks og blank umbo.

Av
Eli Fremstad
Last ned (1.85 MB, JPG)

Kongla hos silkefuru er langsmal og med ein tydeleg endestilt umbo.

Av
Eli Fremstad
Last ned (3.8 MB, JPG)

Nålene hos silkefuru er slanke og mjuke, og kan henge som penslar. Arten er også kalla penselfuru.

Kromosomtal

Silkefuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Silkefuru er innført og planta som prydtre og stundom som skogstre. Det fins nokre få forsøksbestandar i skog nordover til Troms; elles er arten i mykje bruk i hagar og parkar og er, ved sidan av bergfuru, den oftast dyrka prydplanten av slekta i Noreg i dag. Silkefuru er òg mykje brukt som pyntegrønt i samanheng med julefeiringa. Silkefuru vart først rapportert som forvilla i 1994, og det er uvisst om ho er bufast enno som forvilla. Arten er dokumentert som forvilla i Oslo og Akershus, Buskerud, Vestfold, Aust-Agder, Vest-Agder, Hordaland og Sør-Trøndelag.

Den heimlege utbreiinga er sør på Balkan i Hellas, Albania, Montenegro, Nord-Makedonia, Bulgaria og Serbia, der arten har ei sterkt oppsplitta og truleg relikt utbreiing frå Tertiær i mange, skilde fjellstrøk.

Kommentarar

Ein har trudd at silkefuru kunne vere mellomvert for ein alvorleg skadesopp som angrip dei heimlege artane av rips og solbær, men silkefuru er resistent mot solbærfiltrust Cronartium ribicola, i motsetnad til ein del andre furuartar med fem nåler i bunten.

Forvekslingar

Silkefuru kan bli forveksla med andre furuartar med nåler som sit fem og fem saman i buntane, særleg med weymouthfuru Pinus strobus som har snarlike kongler, men òg med sembrafuru Pinus cembra og sibirsk sembrafuru Pinus sibirica. Heilt snaue kvistar skil ho frå alle desse, og avlange kongler med frø med vengje skil ho frå sembrafuru og sibirsk sembrafuru.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Gaussen H, Heywood VH og Chater AO (1993). Pinus L. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.). Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 40–44.

Avvik mellom utbreiinga som er angjeve, og ho som synast i Artskart, skuldast at funna i Artskart er for dårleg dokumenterte, truleg byggjer på feilidentifiserte plantar eller feillokaliserte funn, eller gjeld dyrka plantar (i plantefelt). Stundom kjenner ein til førekomstar som førebels ikkje er inne i Artskart. Avvik kan òg skuldast taksonomiske endringar. Funn kan vere komne til etter at teksten vart utarbeidd i november 2021 og revidert i november 2023.