Dei utgjer berre ein ørliten liten del av mangfaldet i Noreg si mest artsrike insektgruppe – vepsar. Likevel er det stikkevepsane som stikk av med all merksemda. Det dei færraste veit er at desse insekta er viktige for at du skal kunne ete eple og morell om hausten.

Tyskveps Vespula germanica er ein art mange i Noreg har vore i kontakt med. Han trivs nemleg best i urbane støk i dei sørlege og lavareliggande delane av landet. På ettersommaren og om hausten kan tyskvepsen some tider opptre i store mengder. Biletet viser ein arbeidar.

Sommaren er over oss, og med det artsmangfaldet. Det surrar og summar rundt øyro, og kravlar og kryp om beina. Kanskje kjem det som ei overrasking på mange, men truleg er mykje av det som svirrar og svermar rundt deg om dagen ei eller anna form for veps. For med 4100 artar påvist, og kanskje like mange framleis uoppdaga, er vepsar den mest artsrike insektordenen me har – med god margin. Og ikkje berre det – variasjonen i storleik, utsjånad, levevis og økologisk funksjon i denne gruppa er enorm.

I familien stikkevepsar (Vespidae) derimot, er det berre 42 artar i Noreg – og berre tolv utgjer dei artane dei fleste av oss tenkjer på som veps.

Frå og med i dag kan du bli vis på veps i Arter på nett, ei informasjonsteneste på heimesida til Artsdatabanken der me no har lagt ut rykande ferske presentasjonar av alle stikkevepsane i Noreg. Presentasjonane er utarbeidde av førsteamanuensis Frode Ødegaard ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Viktige polinatorar

Dei siste åra har ein fått auga opp for at stikkeveps gjer ein viktig jobb som pollinatorar av planter, eit forhold som tidlegare gjekk under radaren fordi ein tenkte på desse insekta som rovdyr.

– Stikkeveps har ei viktig rolle i økosystema, og er direkte nyttige for oss menneske. Fordi dei er rovdyr bidreg dei til å få ned bestanden av til dømes fluger, og dei hjelper til med å regulere mengda potensielle skadedyr i hagane våre og i landbruket, seier Frode Ødegaard.

Han peikar på at det er spesielt dei som er glade i frukt som også bør glede seg over stikkevepsane.

– Dei gjer ein formidabel innsats med pollinering tidleg om våren når dronningane, som nett har kome fram frå vinterkvarteret, ivrige freistar å få i seg næring i form av nektar. Dette skjer samtidig som frukttrea blømer for fullt, og det kan ofte vere vel så mange stikkeveps som bier og humler i sånne frukttre, fortel Ødegaard.

Stikkevepsar vitjar ofte blomer for å skaffe seg sukker i form av nektar. Fordi mange av vepsane har stor kropp som er dekt av mikrohår fungerer dei godt som pollinatorar av planter. Her har ein veggmurarveps Ancistrocerus parietinus funne seg ein åkertistel Cirsium arvense.

Eit litt belastande namn

Stikkevepsfamilien har eit namn som er treffande, sida alle medlemene av denne familien har stikkebrodd. Men kvifor stikk dei?

– Nokre artar av stikkeveps har faktisk tilbakedanna stikkebrodd og dei kan derfor ikkje stikke. Andre har brodd tilpassa paralysering av byttedyr. Men hos fleire artar sosiale stikkeveps kan brodden i tillegg ha ein forsvarsfunksjon, seier Ødegaard.

Dei sosiale stikkevepsane byggjer bol, og då er det nyttig med stikkebrodd til forsvar. Murarvepsane og papirvepsane, dei to andre underfamiliane av stikkeveps, utgjer til saman 30 artar. I desse underfamiliane gjer ein langt mindre ut av seg og vekkjer oppsikt berre i den grad ein blir forveksla med sine stikkande slektningar, noko som av og til skjer.

 «Mitt hus er mi borg»

Bolet til geithams Vespa crabro vert stort, og gjer inntrykk. Her frå Østerøy, Sandefjord i Vestfold. 

Sosiale stikkeveps er ganske allstadnærverande der me menneske lever og ferdast. Som namnet tilseier, lever sosiale stikkeveps i samfunn av familiegrupper, der ein finn fertile hoer som blir kalla dronningar, fertile hannar som blir kalla dronar og ikkje minst sterile hoer som har rolla som arbeidarar. Sistnemnde gruppe utgjer det store fleirtalet av individa i eit vepsebol.

– Eit vepsebol kan huse veldig mange veps når det er på sitt største på seinsommaren. Kor mange, avheng av art. Jordveps kan nokre år opptre i store mengder og ha bol med fleire tusen arbeidarar, fortel Ødegaard.

Dei sosiale stikkevepsane er predatorar og fangar eit rikt utval av mindre insekt.

– Dei unnser seg heller ikkje frå å skjere seg eit stykke kjøt frå middagen din om den skulle falle i smak. Denne kraftkosten tek dei med tilbake til bolet og gir til larvene, som må ha protein medan dei veks. Sjølv et dei vaksne mest nektar frå blomar – og så likar dei, som mange veit, søte drikker og syltetøy frå vårt bord, seier Ødegaard.

Ein arbeidar av jorveps Vespula vulgaris forsyner seg av skinka for å ta med til larvene sine. Trondheim i Trøndelag. 

Fredelege murarar

Håret krukkeveps Eumenes coronatus, lagar ofte reir i sprekker mellom steinar eller liknande. Reiret vert mura av leire og toppen minner om ei krukke, noko som har gitt namn til slekta krukkevepsar Eumenes. Åpninga på "krukka" er ca. 5 mm. Storøya i Tyrifjorden, Hole i Buskerud.

Ein fredeleg og tilbaketrekt livsførsel kjenneteiknar artane i underfamilien murarvepsar. Så sjølv om det er dobbelt så mange artar murarvepsar som sosiale stikkevepsar i Noreg, er dei for oss menneske ei mykje meir anonym gruppe enn dei freidige sosiale slektningane sine.

– Murarvepsane har fått namnet sitt fordi hoa murar eit reir med vernande veggar og yngleceller av leire eller sand blanda med spytt. Dei fleste artane i denne gruppa er solitære – det vil seie at kvar enkelt hoe lever for seg sjølv og fostrar opp sine eigne larver. Samstundes ser ein hos nokre av artane ein grad av enkel sosial organisering, ved at fleire hoer samarbeider om å byggje reir og mate larver, fortel Ødegaard.

På same måte som dei sosiale stikkevepsane, jaktar murarvepsane på mindre insekt.

– Dei er likevel meir kresne i matvalet enn slektningane sine, og føretrekkjer sommarfugl- og billelarver. Byttedyra, som blir paralyserte av vepsen sitt stikk, blir lagt inn i yngelcella. Dermed har vepselarvene alltid ferskmat tilgjengeleg når dei veks til, seier Ødegaard.

Einsam nordbuar

Den einaste representanten for underfamilien papirvepsar i Noreg, mørk papirveps Polistes biglumis, er sjeldan. I nyare tid er arten berre funne i Telemark, i varme, solvendte berg ved Bandak og Seljorsvatnet, og i Kragerø. Mørk papirveps er raudlista i kategorien sterkt truga EN.

Den tredje underfamilien av stikkevepsar me har i Noreg, er papirvepsane. Dette er ein særs artsrik underfamilie i tropiske strøk. Her oppe i nord har me derimot berre ein einaste art som klamrar seg fast som ei einsleg svale.

– Papirvepsane er sosiale. Men dei har ei enklare organisering av samfunna sine enn sosiale stikkeveps, og dei har heller ikkje arbeidarar. Det heile startar med at fleire systrer går saman om å byggje eit bol. Systrene har eit hierarki imellom seg, og den mest dominante fungerer som dronning utan at ho skil seg frå dei andre i utsjåande, avsluttar Ødegaard.

Kontaktpersoner:

Stikkeveps:

Frode Ødegaard, NTNU-Vitenskapsmuseet
E-post: frode.odegaard@ntnu.no

Arter på nett:
Stine Svalheim Markussen, Artsdatabanken
E-post: stine.markussen@artsdatabanken.no