Framande artar i Noreg blir vurderte etter ein standardisert kvantitativ metode på tvers av artsgrupper. Risikokategorien blir fastsett av invasjonspotensialet og den økologiske effekten til arten.

Mange land utarbeider oversikter over kva risiko framande artar kan ha. Men det finst ingen felles internasjonal metode. Det er eit mylder av ulike metodar i bruk berre i Europa. Når Sverige i år gjennomfører risikovurdering av framande artar for fyrste gong, har dei valt å bruke den norske metoden.

Den norske metoden

Før førre runde med risikovurdering av framande artar i Noreg i 2012, vurderte Senter for bevaringsbiologi ved NTNU dei eksisterande metodane og utarbeidde ein ny, norsk metode for risikovurdering. Denne metoden er no perfeksjonert av fleire ekspertar, og brukt for andre gong i Noreg.

Etterprøvbarheit var eit viktig stikkord ved utvikling av metoden. Derfor er den kvantitativ, noko som inneber at det er talfesta terskelverdiar som set grensa mellom to risikokategoriar.

– Utan ein talfesta terskel vil ulike ekspertar kunne sjå for seg at terskelen går på ulike stader, forklarer Hanno Sandvik, som jobba med utviklinga av metoden ved Senter for bevaringsbiologi.

Dei fleste metodane som blir brukte i andre land er kvalitative. Det inneber at kriteria blir vurderte ut frå ein skala basert på reint subjektive termar, som låg, avgrensa, moderat, middels, høg og svært høg. I den grad kvantitative element er brukte, er det anten valfritt eller det gjeld ikkje alle kriterium.

Då ei internasjonal gruppe blei sett ned for å vurdere dei mest brukte europeiske metodane gjennom den såkalla COST-aksjonen, scora den norske metoden, som blir kalla GEIAA (Generic Ecological Impact Assessment of Alien Species), høgt på repeterbarheit. Gruppa vurderte det slik at om ulike ekspertar risikovurderte dei same artane, ville dei komme fram til nokså like svar ved bruk av denne metoden.

Kategori er avhengig av invasjonspotensialet og økologisk effekt

I 2018 har 12 ekspertkomitéar vurdert kva økologisk risiko framande artar utgjer i Noreg. Komitéane, som er valde av Artsdatabanken, har bestått av 54 ekspertar som representerer ein stor del av ekspertisen som finst på framande artar her i landet.

Ekspertane gjer vurderingane sine av framande artar ved hjelp av ni kriterium. Desse kriteria er kvantitative, og alt etter kva resultat arten får, blir den plassert i ein av dei fem risikokategoriane: svært høg, høg, potensiell høg, låg eller ingen kjent risiko.

Seks av kriteria beskriv økologisk effekt, det vil seie kva effekt den framande arten har på stadbundne artar og naturtypar. Dei resterande tre kriteria beskriv invasjonspotensialet til arten, altså kor raskt den kan ekspandere. 

Dersom ein art både har stort invasjonspotensial og stor økologisk effekt, utgjer den ein svært høg risiko. Er den økologiske effekten liten og invasjonspotensialet moderat, er risikoen lågare. Det er med andre ord samanhengen mellom invasjonspotensial og økologisk effekt som fastset kva risikokategori arten blir plassert i.

Den internasjonale naturvernunionen, IUCN, jobbar for ein felles europeisk metode for risikovurdering av framande artar. Ein av metodane som blir vurderte, og som ligg godt an, er berre basert på økologisk effekt, ikkje invasjonspotensial. Artsdatabanken ønskjer derfor, i samarbeid med Sverige, å fremje den norske metoden ovanfor IUCN.

Felles metode for alle artar

Nokre land er spesielt gode på enkelte artsgrupper, f.eks. planter eller fiskar, og har eigne system for desse gruppene. Men dei har ikkje eit felles vurderingsregime på tvers av artsgruppene. Kriteria brukte i den norske metoden er samanliknbare på tvers av artsgrupper. Den norske Framandartlista er også den einaste lista som jamleg blir oppdatert.

Ingen forvaltingsmål

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald, og har inga rolle innan forsking eller forvalting. Det er svært få land som har ein nøytral institusjon av denne typen til å utføre risikovurdering av framande artar.

Fleire metodar brukte i andre land har problemstillingar av forvaltingskarakter i kriteria, saman med biologiske kriterium. I motsetning til dette er den norske metoden berre basert på biologiske kriterium og derfor meir verdinøytral. Den er også ei viktig kunnskapssamanstilling av dei framande artane. Denne kunnskapen inngår i kunnskapsgrunnlaget forvaltninga bruker når dei utarbeider forbodslista. Det er likevel ikkje gitt at ein art med høg økologisk risiko hamnar på forbodslista.

Metoden tek ikkje omsyn til effektar på økonomi og helse

I nokre land blir sosioøkonomiske faktorar, som effektar på økonomi og helse, inkluderte i risikovurderinga. Det er faktisk også eit krav i den europeiske minstestandarden for framandartvurdering at økonomiske faktorar skal vurderast. Men det er ikkje eit krav at økonomiske faktorar skal verke inn på sluttvurderingane. Den norske metoden tilfredsstiller desse krava i den forstand at ekspertane blir oppfordra til å svare på spørsmål om økonomiske effektar, samtidig som dette ikkje påverkar sluttresultatet i vurderinga av ein art.

– Vi synest det blir feil å vege effektar på økonomi og natur opp mot kvarandre i risikovurderinga. Med ein gong ein begynner å vekte det økonomiske opp mot det økologiske så ligg det eit verdival der. Den vurderinga må forvaltinga gjere etterpå, avsluttar Hanno Sandvik.