Skrinneblomslekta er ei nokså stor slekt med mellom 70 og 100 artar, utbreidde på heile den nordlege halvkula og dessutan i Aust-Afrika. I Noreg har vi tre artar; to er heimlege og ein er ein framand og forvilla hageplante.

Skrinneblomslekta finst i Noreg med to heimlege og to framande og forvilla artar. Her representert med den heimlege arten fjellskrinneblom frå Drivdalen i Oppdal (Sør-Trøndelag).

Arabis-artane er eitt- til fleirårige urter (to- til fleirårige i Noreg). Dei er meir eller mindre håra med ugreina hår, gaffelhår, uregelrett mangegreina (dendroide) hår og stjernehår. Eit særpreg, i alle fall for dei artane som er funne i Noreg, er at dei, saman med vanlege, kortskafta stjernehår, har nokre karakteristiske langskafta og regelrett greina hår der hårskaftet er tjukt og kjegleforma og oftast med fire greiner horisontalt ut i toppen (noko vi kan kalle “vindmøllehår”). Dei norske artane er rosettplantar, men rosetten kan visne tidleg. Blada er enkle og heile eller tanna. Stengelblada er sitjande med stengelomfattande grunn. Blomestanden er ein klase som hos nokre artar strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet, hos andre lite. Begerblada er oftast tiltrykte, og dei er då litt sekkforma ved grunnen. Kronblada er kvite, rosa eller lyst purpur. Frukta er ei flattrykt langskulpe, ofte med éin midtnerve på kvar vegg, og med ein kort, men tydeleg griffel. Frøa sit oftast i éi rekkje i kvart skulperom og er oftast vengjekanta.

Rich (1991) skriv at kombinasjonen av i alle fall nokre fleirgreina hår, ei samantrykt langskulpe og (oftast) kvite til purpur kronblad, er nokså særprega for slekta Arabis.

Slekta Arabis, slik ho er avgrensa i dag, har ein stad mellom 70 artar (Al-Shehbaz 2010) og om lag 100 artar (Plants of the World Online, POWO). Ho er utbreidd i heile Europa (med 34 artar aksepterte av Jones og Akeroyd 1993, men i alle fall tre av desse høyrer no til andre slekter), storparten av Asia (men manglar frå og med India og Myanmar og sørover), Nord- og Aust-Afrika og om lag heile Nord-Amerika. Mange av artane er fjellplantar, nokre òg arktiske, medan andre er knytte til varme område kring Middelhavet.

Slekta Arabis var mykje større før. Fleire grupper som tidlegare var rekna til Arabis, blir no rekna som særskilde slekter, mellom anna sandskrinneblomslekta Arabidopsis (inkludert Cardaminopsis og Hylandra), tårnurtslekta Turritis, og ei stor, om lag utelukkande nordamerikansk gruppe med om lag 110 artar som er skilt ut som slekta Boechera. Det er både morfologiske og molekylære grunnar til denne oppdelinga.

Frå Arabidopsis-artane skil Arabis-artane seg i at bladgrunnen på stengelblada er stengelomfattande. Frå Turritis skil Arabis-artane seg i at dei har kvite eller lysraude blomar, og ikkje gulkvite som hos Turritis, og i at både grunnblada og stengelblada er tanna og nokså like, og ikkje som hos Turritis, der det er stor skilnad mellom dei djupt flika grunnblada og dei heile stengelblada.

Skrinneblom-artane er meir eller mindre håra med fleire typar hår.

Dei norske artane er rosettplantar, men rosetten kan visne tidleg. Blada er enkle og heile eller tanna. Stengelblada er sitjande med stengelomfattande grunn. 

Frukta er ei flattrykt langskulpe med ein kort, men tydeleg griffel. 

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Arabis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 257–266.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Skrinneblomslekta Arabis L. www.artsdatabanken.no/Pages/313766. Lasta ned <dag.månad.år>.