Grøn julerose kjem opphaveleg frå Vest-Europa. Han er dyrka som prydplante, men er førebels ikkje funnen forvilla i Noreg. Artsnamnet viridis tyder grøn, og det peiker på den grøne blomefargen.

Grøn julerose vert dyrka som prydplante, men veks som heimleg her i Catalonia i Spania.

Kjenneteikn

Grøn julerose er ei kortlevd, fleirårig urt som vert opptil 40 cm høg. Arten har 1–2 langstilka grunnblad som ikkje overvintrar. Blada er nokså tynne, handflika og delte i 7–11 smale og omvendt lansettforma og grovt sagtanna bladflikar. Støtteblada er sagtanna og handflika og liknar på grunnblada. Blomestanden er ein liten kvast med 2–4 nikkande blomar som er skålforma, 3–5 cm breie og utan lukt. Begerblada er petaloide (kronbladliknande) og bleikt grøne. Kronblada er utforma som kortstilka, trektforma nektarium. Fruktblada vert til oftast 3–4 skolmkapslar som er samanvaksne nedst.

Dei skålforma, grøne blomane er nikkande og sit 2–4 saman i ein liten kvast.

Kromosomtal

Tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Grøn julerose er ein framand art som vert dyrka som prydplante. Han er førebels ikkje registrert som forvilla i Noreg. I Sverige er arten førebels berre tilfeldig (sjå SLU Artdatabanken 2024).

Arten er heimleg i Vest-Europa og går sør til Nord-Spania (sjå Jonsell 2001).

Kommentarar

Grøn julerose høyrer til den store seksjonen Helleborastrum Spach (Sun mfl. 2001, McLewin 2019, Long mfl. 2023) med fleire nærskylde artar med mindre barrierar mot hybridisering.

Forvekslingar

Grøn julerose kan bli forveksla med dei andre julerose-artane som vert dyrka i Noreg, men han skil seg frå klokkejulerose Helleborus foetidus i den urteaktige stengelen med grunnblad, frå julerose Helleborus niger i å ha udelte støtteblad med heil bladkant (mot handdelte støtteblad med sagtanna bladkant), og frå raud julerose Helleborus orientalis i å ha belgkapslar som er samanvaksne nedst (mot heilt frie belgkapslar).

Kjelder

Cullen J, Knees SG, Cubey HS (2011). The European Garden Flora, vol 2: Casuarinaceae to Cruciferae. Cambridge University press, Cambridge.

Jonsell B (2001). Helleborus L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 331–333.

Long L, Yamada K og Ochiai M (2023). A comprehensive review of the morphological and molecular taxonomy of the genus Helleborus (Ranunculacaeae). Reviews in Agricultural Science 11: 106–120.

McLewin W (2019). Helleborus and the Helleborastrum problem. Wellesley-Cambridge Press, Wellesley.

SLU Artdatabanken (2024). Artfakta: grön julros (Helleborus viridis). https://artfakta.se/taxa/222847 Lasta ned 02.12.2024.

Stace CA (2019). New flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266s.

Sun H, McLewin W og Fay MF (2001). Molecular phylogeny of Helleborus (Ranunculaceae), with an emphasis on the East Asian-Mediterranean disjunction. Taxon 50: 1001–1018.

Tutin TG (1993). Helleborus L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea Vol. 1: Psilotaceae to Platanaceae, ed. 2: 249–251.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Grøn julerose Helleborus viridis L. www.artsdatabanken.no/Pages/372915. Lasta ned <dag.månad.år>.