Arbeidet med ny Framandartsliste startar no
Artsdatabanken søker dyktige og engasjerte ekspertar til revidering av Framandartslista. Men førebels ønsker vi ekspertar på eit utval grupper av framande arter.
Arbeidet med Framandartslista, som skal lanserast i 2029, startar allereie i 2025. Artsdatabanken søker difor ekspertar til fem komitear som skal revidere følgande grupper av artar:
- fuglar
- flatormar og rundormar
- kromistar og soppar
- limniske invertebratar
- terrestriske invertebratar
Spreier revisjonane
Artsdatabanken har tidlegare varsla ei omlegging av arbeidet med Fremmedartslista. No spreier vi arbeidet med revisjon av artsgruppene utover i tid. Tidlegare ble alle artsgrupper reviderte i løpet av omlag 1,5 år, men no skal det samla arbeidet ta fem år. Kvar enkelt artsgruppe reviderast likevel kvart sjette år, som før.
– Heilt konkret betyr dette at dei ulike ekspertkomiteane vil jobbe i ulike periodar. Når vurderingane av fuglar, flatormar og rundormar, soppar og kromistar, limniske- og terrestriske invertebratar, er publiserte er planen å starte med revisjon av algar, fiskar og marine invertebratar, seier Olga Hilmo fagansvarleg for Framandartslista i Artsdatabanken.
Det vil komme nye utlysingar for dei artsgruppene som skal reviderast seinare. Alle gruppene skal vere reviderte innan 2029. Artsdatabanken vil framleis publisere ei samla samanstilling av alle artsgrupper slik praksisen er i dag.
Neste Framandartsliste, med ein samla oppdatert oversikt blir publisert i 2029 – Framandartslista 2029.
Innsyn og søknadsfrist
Artsdatabanken arrangerer offentleg innsyn når ei heil artsgruppe er ferdig revidert. Dermed blir det offentlege innsyn kvart år for ei eller fleire grupper av artar. Det første innsynet blir i 2026 når vurderingane av nemnte artsgrupper er klare.
Sjå fullstendig søknadsutlysing, arbeidsoppgåver og kravspesifikasjonar i PDF.
Søknadsfrist er 12. januar 2025.