Nok kompetanse på systematikk og taksonomi er viktig når artsmangfaldet skal kartleggjast.Tysdag og onsdag møtast forskarar og studentar som jobbar med biosystematikk for første gong til nasjonalt symposium.

Fagområdet biosystematikk handlar om å identifisere, beskrive og klassifisere artar. Forskarane som jobbar med dette fagfeltet sit på unik kompetanse om morfologi, taksonomi, systematikk og genetikk for ei lang rekke artsgrupper der det er svært vanskeleg å identifisere artane.

Norsk symposium i biosystematikk, som går av stabelen i Oslo den 29.-30. oktober, vert arrangert av Forskerskolen for biosystematikk (ForBio), Artsdatabanken og Naturhistorisk museum, UiO.

Symposiet samlar ein stor del av alle som jobbar med taksonomi og biosystematikk i Noreg. I alt 45 forskarar og studentar skal gjennom dei to dagane presentere arbeidet sitt for dei over 100 påmelde deltakarane. Målet er å få meir kunnskap, dele erfaringar og knytte kontaktar i fagmiljøet.

Treng meir kunnskap

Artsdatabankens rolle er å innhente og formidle kunnskap om naturmangfaldet, kunnskap samfunnet skal bruke til å ta gode avgjerder om bruk og vern av natur. For å kunne oppfylle denne rolla på ein tilfredsstillande måte er vi avhengig av biosystematisk kompetanse.

Så langt er berre 65 prosent av det norske artsmangfaldet funne, noko som betyr at vi framleis leitar etter rundt 25 000 artar. Vi treng med andre ord å innhente meir kunnskap i åra som kjem. I dette arbeidet vil ekspertar med kompetanse på biosystematikk stå sentralt.

- Artsdatabanken støttar opp under biosystematisk forsking og kompetansebygging, og vi er veldig nøgde med å ha klart å samle så mange av ekspertane på ulike artsgrupper til fagleg symposium i to dagar, seier Stine Svalheim Markussen, som er leiar for Artsdatabankens Artsprosjekt.

Viktig for rekrutteringa

Symposiet vil vere viktig for kontakt og kunnskapsdeling på tvers av ulike forskingsgrupper, og også bety mykje for rekruteringa til fagområdet.

- Både blant dei som presenterer og tilhøyrarane er det mange studentar i byrjinga av karrieren, og arrangementet vil utan tvil vere ein arena for overføring av erfaring til den yngre generasjonen forskarar, avsluttar Svalheim Markussen.