Går du med ein workshop i magen, eller kanskje ein konferanse? Vi lyser no ut tilskot til aktivitetar som kan  auke kompetansen på biosystematikk og taksonomi i Noreg.

På ein workshop i juli 2021, fekk dei 17 deltakarane ny kompetanse på gallemygg og andre galledannarar. Foto: Hallvard Elven. Lisens: CC BY-SA 4.0

I Noreg har vi ikkje nok taksonomar og biosystematikarar, og for enkelte artsgrupper er det få eller ingen som har kompetanse. Dette er eit problem for den langsiktige oppbygginga av kunnskapen om det norske artsmangfaldet.

Som eit bidrag til å auka kompetansen innan taksonomi og biosystematikk i landet vårt, lyser Artsdatabanken, i regi av Artsprosjektet, no ut tilskott til det vi kallar nettverkstiltak.

Nettverkstiltak er aktivitetar som gjer at personar med kompetanse på artsgrupper får høve til å spreie denne kunnskapen til fleire, eller òg aktivitetar som bidreg til at det vert utvikla faglege nettverk slik at ekspertar kan samarbeide betre.

Forma på aktivitetane vi gjer tilskot til kan vere workshop, kurs, seminar eller konferansar. Vi er også open for andre typar faglege tiltak.

Her kan du lesa meir om moglegheita til å søkje tilskot til nettverksbygging. 

Søknadsfrist 19. september 2024.