​Mot slutten av 2025 vil Artsdatabanken leggje fram ein ny Raudliste for naturtypar. Ekspertane som skal gjere jobben med å vurdere naturtypar er utnemnde, og byrjar no arbeidet.

Kystlynghei er ein semi-naturleg naturtype som er forma gjennom tradisjonell skjøtsel over fleire tusen år. Naturtypen blei vurdert til å vere sterkt truga EN i forrige raudliste. No skal ekspertane vurdera i kva grad kystlynghei framleis er truga. Foto: Line Johansen, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Lisens: CC BY 4.0

Raudlista for naturtypar er ei samanstilling av kunnskap om kva risiko naturtypar har for å forsvinne om negativ påverking held fram. I lista er naturtypane plasserte i kategoriar etter kor truga dei er. Raudlista for naturtypar er nøytral, i den forstand at ho er uavhengig av alle næringar, interesseorganisasjonar og forvaltning. 

Kvifor er Raudlista for naturtypar viktig 

Tap av naturområde, og dermed av levestadane til artar, er eit stort og veksande problem i Noreg som i mange andre land. For å stoppe denne utviklinga, og kanskje òg reversere ho, er det viktig at me skaffar oss kunnskap om kva naturtypar som står i fare for å bli borte, og om kvifor dette skjer. Slik kunnskap skal i neste omgang vere eit grunnlag for ei kunnskapsbasert forvaltning av naturområda. 

- Raudlista for naturtypar er først og fremst eit kunnskapsgrunnlag og eit verktøy, som skal brukast av forvaltninga for å gjere prioriteringar med omsyn til kvar innsatsen må setjast inn, seier Anne Britt Storeng, prosjektleiar for Artsdatabanken sitt arbeid med Raudlista for naturtypar. 

- Lista er dessutan viktig for å spreie kunnskap om truga naturtypar til grupper som spesielt treng denne informasjonen, som forskarar, næringar, organisasjonar, styresmakter, media og til samfunnet generelt, avsluttar Storeng.  

Fem ekspertkomitear i sving 

Tett samarbeid med forskarar og forskingsinstitusjonar er alltid ein viktig føresetnad for Artsdatabanken sitt arbeid med raudlister og Framandartslista. Til arbeidet med denne raudlista har vi knytt til oss den beste fagekspertisen i Noreg til å gjere risikovurderingar av naturtypar.  

I alt er det utnemnt 26 ekspertar, som i desse dagar går i gang med arbeidet. Desse er fordelte på fem komitear som skal jobbe med dei fem temaområda marint, ferskvatn, våtmark, fastmark og landformer. For kvar komité er det utnemnt ein leiar. 

Sjå oversikt over medlemmane av dei fem ekspertkomiteane

Når Artsdatabanken har vurdert kven som skal vere med i dette arbeidet er det lagt vekt på å finne folk med solid kompetanse innan økologi, og ikkje minst på dei faktorane som påverkar naturtypane. Det er òg lagt vekt på å finne ekspertar og institusjonar som ikkje representerer interesseorganisasjonar, næringar eller forvaltning. Dette for å unngå moglege interessekonfliktar. 

Det er samtidig lagt vekt på at nokre av ekspertane skal vere relativt nyutdanna. Med dette ynskjer Artsdatabanken å sikre rekruttering, slik at me i framtida har nok kompetanse i Noreg til å gjere denne typen risikovurderingar. 

Ekspertkomiteane vil i arbeidet sitt bruke internasjonale kriterium og retningslinjer frå IUCN (International Union for Conservation of Nature). Vidare vil dei leggje til grunn naturtypar frå den nyaste versjonen av Natur i Noreg (NiN 3.0), Artsdatabankens beskrivingssystem for natur, som blei lansert i november 2023. 

Kontaktperson:

Anne Britt Storeng, Artsdatabanken

E-post: anne.b.storeng@artsdatabanken.no

Telefon: 913 20 760