Mange har eit godt auge til orkidéar. Visste du at det finst kring 33 artar i Noreg? No kan du lære meir om dei i Artar på nett, og finne din favoritt.

Orkidéfamilien er den mest artsrike familien i planteriket på verdsbasis, med kring 26 000 artar. Aller størst er mangfaldet i tropane, der orkidéane gjerne veks oppe i andre planter, som såkalla epifyttar.

I Noreg veks alle artane nede på bakken, og dei fleste er knytt til skog, myr og fjellhei. Nokre har fargerike og iaugefallande blomar, slik mange ser for seg at orkidéar har, mens andre gjer betrakteleg mindre ut av seg i utsjånad.

I tenesta Arter på nett, hos Artsdatabanken, kan du no lese om og sjå bilete av dei orkidéane me har i Noreg. Det vil seie 33 artar og fjorten underartar. Og om du finn ein orkidé du ikkje veit kva er, kan du nytte dei digitale bestemmingsnøklane me har fått utvikla for orkidéfamilien.

Artar med mange knep på lur

Alle orkidéane vert pollinert av insekt. Medan dei fleste byr på nektar som takk for pollineringa, finst det òg orkidéar som på anna vis narrar insekta til å besøke seg. Arten flugeblom er eit godt døme på dette.

 - Flugeblom har blomar som liknar på hoene til graveveps, og blir pollinert når hann-gravevepsane vert narra til å prøve og pare seg med blomen.

Dette seier Reidar Elven, professor emeritus ved Naturhistorisk museum, UiO og mannen som står bak arbeidet med orkidéane i Arter på nett.

 - Men utsjånaden er ikkje det einaste knepet til denne orkidéen. Graveveps-hannane blir klekte ei god stund før hoene, og flugeblomen passar på å bløme nett i den perioden når ingen hoer er tilgjengelege. I tillegg skil dei ut lukter som liknar lukta til graveveps-hoene, fortel Elven.

Gong på gong går graveveps-hannane fem på, og då vert pollen spreidd frå flugeblom til flugeblom.

Intimt samliv med sopp

Orkidéane er avhengige av samliv med sopp. Felles for alle artane er at dei støvfine frøa krev kontakt med sopphyfar av ein eigna sopp før dei kan spire skikkeleg.

Hos nokre artar er samlivet så intimt at dei ikkje utviklar grøne plantedelar i det heile tatt, men snyltar på soppen eller på nedbrytingsprodukt frå soppen. Orkidéen fuglereir er ei slik plante. Arten skil seg ut ved ikkje å ha klorofyll, slik at den er gulbrun i staden for grøn. Røtene er i kontakt med sopphyfar, og arten lever saprofyttisk (eller kan hende meir parasittisk) på soppen. Namnet kjem av di nøstet av røter ser ut som eit fuglereir.

Det er ikkje rart graveveps-hannane blir lura! Heile flugeblom-blomen etterliknar eit insekt som sit på ein grøn blome. Leppa ser ut som eit brunt insekt, kor dei blålege merka liknar vengjer. To av dei andre blomeblada er smale og mørke og gjer jobben som antenner, medan dei tre grøne blomablada liknar ein blome.

Fuglereir er en iaugefallande orkidé med si gulbrune farge. Blomestanden er ein tett klase med nokså talrike, bleikbrune blomar.

Både raudlista og vanlege artar

Svartkurle har vorte dramatisk meir sjeldsynt dei siste tiåra, og dei norske hovudførekomstane er no truleg i Oppdal og Røros i Trøndelag.

Mange av orkidéane veks i naturtypar som er i sterk tilbakegang. Dette er ein viktig grunn til at heile 19 artar og 4 underartar er på Raudlista for artar.

Eit døme på dette er svartkurle, som er sterkt truga (EN). Ho er ei lågvaksen urt med mørke raudbrune blomar som angar av vanilje. Arten har vorte dramatisk meir sjeldsynt dei siste tiåra, og dei norske hovudførekomstane er no truleg på Oppdal og Røros i Trøndelag.

Reidar mimrar attende til sommaren 1969 då han hadde ein kort karriere som malmleitar i Os i Østerdalen.

 - Ein dag kom eg over ei tidlegare slåtteeng i skogen, der det var fleire hundre, kanskje fleire tusen svartkurler. Eg hadde aldri før sett noko liknande! Nokre år seinare oppsøke eg same plassen, og då var slåtteenga pløgd opp og gjort om til fulldyrka eng, utan at ein einaste svartkurle hadde overlevd.

Dette er ofte av lagnaden for denne merkelege og attraktive orkidéen: anten blir han ramma av inngrep, eller den slåttemarka han treng, gror att.

Heldigvis finst det òg mange vanlege norske orkidéar. Reidar er ikkje i tvil om kven som er den mest vanlege i Noreg.

 - Dei to underartane av bleikmarihand, flekkmarihand og skogmarihand, dreg klårt i land sigeren. Dei to er vanlege over storparten av landet, med eit lite unnatak for Finnmark der skogmarihand er noko meir sjeldsynt. Dette er orkidéen alle som har vore litt ute i naturen har sett. Til og med dei som trivst best bak rattet kan ha fått med seg bleikmarihand, då underarten skogmarihand trivst godt i veggrøfter, seier Reidar Elven.

Flekkmarihand er ein vanleg plante på myrar og i fuktheier i heile landet. Han er den orkidéen storparten av folk har sett, dersom dei ferdast i skog og mark i Noreg.

I noko baserike skogar i Noreg er skogmarihand den mest hyppige orkidéen ein ser.

Kven er eigentleg kven?

Å sette grenser mellom dei ulike artane er ofte vanskeleg hjå orkidéane. Men i Noreg er det eigentleg berre ei slekt der dette er eit problem – nemleg marihandslekta Dactylorhiza. Hybridisering er svært vanleg i denne slekta, og dette gjer det nokre gonger vanskeleg å finne ut kva art me har funne. Til tross for mykje arbeid med morfologi (korleis plantane ser ut) og molekylære markørar på denne slekta, er grensa mellom artane framleis heller uklåre.

I Noreg er det skilt ut fire underartar av kongsmarihand. Her representert ved ein av dei, lappmarihand, ein attraktiv fargeklatt i rikmyr i høgtliggjande strøk.

Velduftande og litt mindre velduftande

Mange av orkidéane har ei god ange. Fjellkvitkurle er ein av dei, og ofte er det nasen til Reidar som oppdagar denne arten først.

 - Fjellkvitkurle er ikkje ei prangande plante, men den har sine fortrinn. Fleire gonger har me lukta fjellkvitkurla, før me har fått auge på den, på grunn av den sterke honninglukta, fortel Reidar.

Reidar avsluttar med at det ikkje er slik at alle orkidéar luktar like godt.

 - Men ikkje alle orkidéar luktar like godt. Vårmarihand er ein vakker orkidé, og mange plukkar han inn til pynt. Men det gjer dei berre éin gong, av di blomane luktar sterkt kattepiss, avsluttar Reidar Elven.

Orkidésesongen 2023 er no i gang for alvor. Me tilrår eit djupdykk i dei nye presentasjonane av norske orkidéar i Arter på nett, så er du klar for ei kvar orkidéutfordring du måtte møte på i sommar.

Dei gulkvite blomane til fjellkvitkurle angar godt av honning. Fjellkvitkurle kan ein møte på høgt opp i fjellet, i Jotunheimen er han funne på grensa mot høgalpint belte på 1800 moh.

Vårmarihand er ein av dei orkidéane som blømer tidlegast, ofte allereie i slutten av april, men dei fiolettraude blomane luktar ikkje særleg godt. Vårmarihand er ganske vanleg i kyststrøk, i alle fall nord til Nordland.