Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til riddarsporeslekta Delphinium

Slekta Delphinium er stor globalt (over 300 artar), men ingen artar er heimlege i Noreg. Storparten eller alle dei forvilla norske plantane høyrer til hageriddarspore Delphinium elatum og kultivarar av denne arten. Det er noko usikkert om vi har fleire artar, i kultur i noko omfang, eller forvilla. Slekta er lett kjenneleg på at blomane er monosymmetriske og med éin lang spore, eit trekk ho berre har sams med Consolida, men ulikt Consolida har blomen tre fruktblad. Dei to artane som er rapporterte frå Noreg, skil seg i hårklednad på blomen og i kor djupt inn mot grunnen blada er delte.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.