Hybridar mellom vassoleier er vanlege og synest ofte å vere sterile med reduserte fruktsamlingar som eit godt kjenneteikn.

Hybriden mellom storvassoleie Ranunculus peltasus og dvergvassoleie R. confervoides frå Mølmannsdalen i Røros, Sør-Trøndelag.

Hybridane formeirar seg sterkt vegetativt med skottbitar som blir spreidde med vatn og fugl, og dei kan utgjere alle eller hovuddelen av vassoleier i eit vassdrag. Hybridar med flyteblad har om lag alltid òg nokre trådforma flikar eller flikspissar eller mellomformer mellom flyteblad og undervassblad, medan artane oftast berre har reine flyteblad og/eller undervassblad. Storparten av det norske herbariematerialet som har vore identifisert til eit par av artane (Ranunculus peltatus og R. trichophyllus), synest vere hybridar.

Hybriden mellom storvassoleie Ranunculus peltasus og dvergvassoleie R. confervoides frå Mølmannsdalen i Røros, Sør-Trøndelag med blad med typiske flikspisser ("mellomblad").

Fruktsetjinga hos slike hybridar er svært dårleg eller manglar heilt.