Batrachium-hybridar
Hybridar mellom vassoleier er vanlege og synest ofte å vere sterile med reduserte fruktsamlingar som eit godt kjenneteikn.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Hybridane formeirar seg sterkt vegetativt med skottbitar som blir spreidde med vatn og fugl, og dei kan utgjere alle eller hovuddelen av vassoleier i eit vassdrag. Hybridar med flyteblad har om lag alltid òg nokre trådforma flikar eller flikspissar eller mellomformer mellom flyteblad og undervassblad, medan artane oftast berre har reine flyteblad og/eller undervassblad. Storparten av det norske herbariematerialet som har vore identifisert til eit par av artane (Ranunculus peltatus og R. trichophyllus), synest vere hybridar.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Batrachium-hybridar. www.artsdatabanken.no/Pages/329884. Lasta ned <dag.månad.år>.