Klokkejulerose
Helleborus foetidus
Klokkejulerose, òg kalla stankjulerose, kjem opphaveleg frå Sørvest- og Vest-Europa, Italia og Marokko. Arten er framand i Noreg og innført som prydplante. Han er funnen berre éin gong hos oss, i Larvik, og er truleg forvilla frå dyrking. Artsbestemminga er litt usikker.
Kjenneteikn
Klokkejulerose er ei kortlevd, fleirårig vintergrøn urt med noko forveda grunn og utan eller med dårleg utvikla jordstengel og utan grunnblad. Planten vert opptil 80 cm høg. Dei talrike stengelblada er smalt handflika og delte i 7–10 smalt lansettforma og sagtanna bladflikar og vintergrøne med lang bladstilk. Støtteblada er bleike, breitt eggforma og oftast enkle og heile. Blomestanden er ein ofte stor kvast med mange (oftast meir enn 10), hengjande og klokkeforma blomar som er (1–)1,5–2,5(–3) cm breie. Begerblada er petaloide (kronbladliknande) og bleikt grøne med brunlilla kant. Kronblada er utforma som kortstilka, røyrforma nektarium. Blomane har ei svak og ubehageleg lukt (“foetidus” betyr at han stinkar). Arten vert difor òg kalla stankjulerose. Fruktblada vert oftast til tre (meir sjeldan fire) skolmkapslar som er samanvaksne nedst og med frø som har elaiosom-vedheng og som blir maurspreidde.
Kromosomtal
Tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Klokkejulerose er førebels berre funnen éin gong i Larvik (Vestfold) i 2014, truleg i ei gate og truleg forvilla frå dyrkning.
Arten er heimleg i Vest-Europa nord til Tyskland og Storbritannia og i Nordvest-Afrika. I Storbritannia veks han i skog og kratt på kalkrik grunn. Arten er skuggetolande og er elles i Norden stundom etablert i hekkar i hagar, på bakkeskråningar og i lauvskog i Danmark og Sør-Sverige.
Kommentarar
Klokkejulerose er den einaste arten i seksjonen Griphopus Spach (Sun mfl. 2001) og er kjenneteikna ved den noko forveda stengelen utan grunnblad, men med stengelblad (Long mfl. 2023).
Forvekslingar
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Jonsell B (2001). Helleborus L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 331–333.
Liangqian L og Tamura M (2001). Helleborus Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 148.
Long L, Yamada K og Ochiai M (2023). A comprehensive review of the morphological and molecular taxonomy of the genus Helleborus (Ranunculacaeae). Reviews in Agricultural Science 11: 106–120.
McLewin W (2019). Helleborus and the Helleborastrum problem. Wellesley-Cambridge Press, Wellesley.
Rottensteiner WK (2016). Attempt of a morphological differentiation of Helleborus species in the northwestern Balkans. Modern Phytomorphology 9 (Suppl.): 17–33.
SLU Artdatabanken (2024). Artfakta: klockjulros (Helleborus foetidus). https://artfakta.se/taxa/221534 Lasta ned 02.12.2024.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266s.
Sun H, McLewin W og Fay MF (2001). Molecular phylogeny of Helleborus (Ranunculaceae), with an emphasis on the East Asian-Mediterranean disjunction. Taxon 50: 1001–1018.
Tutin TG (1993). Helleborus L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea Vol. 1: Psilotaceae to Platanaceae, ed. 2: 249–251.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Klokkejulerose Helleborus foetidus L. www.artsdatabanken.no/Pages/324739. Lasta ned <dag.månad.år>.