Artar av granslekta Picea er dei vidast utbreidde og økologisk (og økonomisk) viktigaste treslaga i nordlege område i Europa, Asia og Nord-Amerika. Éin art er heimleg i Noreg, men fleire er innførte og forvilla.

Granskog har eit umiskjenneleg preg uansett kva for art av gran som veks der. Her gran i Bymarka i Trondheim.

Kjenneteikn

Granartane er tre, oftast med rette stammar, smalt til breitt kjegleforma krone, og med skrått oppståande, sprikjande eller hos nokre artar noko hengande greiner. Greinene er regelrett kransstilte. Borken er jamn på unge tre og held seg jamn lenge. Knoppane er eggforma, spisse eller butte, og hos fleire artar med harpiks. Nålene sit enkeltvis på langskott og kring heile kvisten, på tappforma nålfeste som er nedløpande på kvisten, og som sit att på kvisten når nålene fell av. Nålene er firkanta i tverrsnitt hos storparten av artane, men avflata hos nokre, og meir eller mindre spisse. Dei har 1–2 harpikskanalar. Spalteopningar kan sitje i striper på alle sider av nåla eller hovudsakleg eller berre på undersida hos dei som har avflata nåler. Nålene fell av kvisten når han visnar (eller når han blir pressa i eit herbarium), ein systematisk skilnad frå artane hos douglasgranslekta Pseudotsuga og edelgranslekta Abies, der nålene heng på dei tørre kvistane. Konglene sit på årsgamle kvistar, er eggforma til sylindriske, hengande, og oftast fell dei av heile etter eitt år. Unnataket er svartgran Picea mariana, der dei sit att i fleire år, i påvente av ein skogbrann som får konglene til å opne seg slik at frøa blir spreidde. Dekkskjela er mykje kortare enn kongleskjela, og på mogne kongler er dei ikkje synlege. Kongleskjela er eggforma eller rombeforma, tynne eller faste, og utan apofyse og umbo (sjå furuslekta Pinus for forklaring). Frøa har vengje og blir vindspreidde.

Nålene hos gran sit på høge nålfeste som blir sitjande att som tappar på kvisten når nålene fell av. Her lutzgran.

Konglene hos artar av gran er avlange og med kongleskjel som er mykje lengre enn dekkskjela. Her Picea glehnii frå Japan og Sakhalin.

Økologi og utbreiing

Granartane veks i skog, nokre òg i myr, som i amerikansk permafrost-myr, “muskeg”. Storparten av artane føretrekkjer moldrik jord som ikkje er for tørr, men nokre artar veks i svært tørr skog, særleg i vestlege Nord-Amerika. Nålverket er ofte tett, slik at det kjem lite lys ned på skogbotnen.

Slekta har 29–35 artar globalt (taylor 1993, Eckenwalder 2009, Plants of the World Online), og granartar utgjer ein svært betydeleg del, kanskje hovuddelen, av skogen i boreale soner i Eurasia og Nord-Amerika. To artar av denne slekta former den polare skoggrensa (saman med ein lerkart) i heile Nord-Amerika: kvitgran Picea glauca og svartgran Picea mariana. Ei liknande vid utbreiing, nord til den polare skoggrensa, har sibirgran Picea obovata i Sibir vest til Ural og (europeisk) gran Picea abies i Nord-Russland, men ho når ikkje heilt nord til den polare skoggensa i Fennoskandia. Dei dominerande granartane i boreale soner er i all hovudsak (europeisk) gran i Europa austover til Ural, sibirgran i Sibir austover frå Ural, og kvitgran og svartgran tvers over Nord-Amerika. Lenger sør blir artsmangfaldet større, med særleg mange artar i Midt- og Aust-Asia sør til Nord-India, Burma og Sør-Kina. Det er òg mange artar i vestlege Nord-Amerika sør til Mexico. Slekta er kjend attende til tidleg Tertiær (Eckenwalder 2009).

I Noreg er berre éin art heimleg, men sju andre (og éin hybridart) er innførte til skogbruk og som prydtre. Nokre av desse er i rask spreiing, òg inn i område som ikkje har naturleg granskog eller skog i det heile, til dømes i heiområde frå Sørvestlandet til Lofoten og Vesterålen.

Kommentarar

Det største mangfaldet i slekta finn ein i Aust-Asia med 20 artar, og i vestlege Nord-Amerika med seks artar. I sjølve Europa er det berre to artar, vår gran og serbargran Picea omorika, og serbargran har sine næraste slektningar i Aust-Asia. I grenseområda mot Asia finst orientgran Picea orientalis i Kaukasus og Tyrkia.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Franco, J do Amaral (1993). Picea A. Dietr. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Taylor RJ (1993). Picea A. Dietrich. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 369–373.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Granslekta Picea A.Dietr. www.artsdatabanken.no/Pages/305057. Lasta ned <dag.månad.år>.