Smalfrøstjerne
Thalictrum simplex subsp. simplex
Smalfrøstjerne er ein middels storvaksen, heimleg plante med ugreina og rak stengel, og han er den sørlege underarten av arten rankfrøstjerne. Han kjenneteiknar ofte kulturmark som har vore (og er) skjøtta på tradisjonelt vis.
Kjenneteikn
Smalfrøstjerne er ei 40–70 cm høg, fleirårig og om lag snau urt med rak og om lag ugreina stengel. Blada er avlange og to gonger finna med avlange bladflikar med kileforma grunn og bleik underside. Blomane er samla i ein lang, smal og mangebloma blomestand med kortskafta blomar, utan eller med små støtteblad. Blomane er små, lutande, gule og firetalige, utan kronblad og med begerblad som tidleg fell av, og med talrike, hengjande pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, grøne og med arr som er tydeleg lengre enn nebbet.
Kromosomtal
Underarten er oktoploid med grunntal x = 7. 2n = 56. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Smalfrøstjerne veks på slåtteeng, i skogkantar og på vegkantar. Underarten er knytt til boreonemoral til nordboreal sone. Han er søraustleg og utbreidd på Austlandet nordover frå Rakkestad (Østfold) og Risør (Aust-Agder) til Røros og Oppdal (Sør-Trøndelag) og vestover til Vinje (Telemark) og Lærdal (Sogn og Fjordane). Han er òg funnen nokre einskilde stader i Møre og Romsdal (Giske og Rauma), Sør-Trøndelag (Melhus og Selbu) og Nord-Trøndelag (Verdal, Inderøy og Lierne). Smalfjøstjerne går attende på grunn av omleggingar i jordbruket; han føretrekkjer lite gjødsla eller ugjødsla slåttemark. Dei beste førekomstane i dag er ofte på vegkantar med berre sporadisk kantslått og rydding. Sjå Elven og Alm (2013) for diskusjon om økologi og utbreiing. Underarten er utbreidd i Europa og Nord- og Mellom-Asia.
Forvekslingar
Smalfrøstjerne kan verte forveksla med den andre underarten av rankfrøstjerne, finnmarksfrøstjerne subsp. boreale, men dei kan skiljast på fleire karakterar. Bladflikane hos subsp. simplex er avlange og kileforma versus breie og avrunda hos subsp. boreale. Blomestanden hos subsp. simplex er mangebloma versus fåbloma hos subsp. boreale. Blomane er kortskafta versus langskafta, og utan eller med små støtteblad versus med store støtteblad. Det er òg verdt å merke seg at smalfrøstjerne er den sørlege underarten, medan finnmarksfrøstjerne er den nordlege underarten, men med nokre førekomstar i Oppland. I Oppland skil dei seg òg noko økologisk ved at smalfrøstjerne oftast veks på nokså tørr engmark, medan finnmarksfrøstjerne oftare veks i noko fuktig skog og på flaummark.
Kjelder
Elven R og Alm T (2013). Thalictrum simplex L. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 418–421.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Smalfrøstjerne Thalictrum simplex subsp. simplex www.artsdatabanken.no/Pages/286514. Lasta ned <dag/månad/år>.