Stor kystfrøstjerne er ein innført plante som vert dyrka som prydplante. Han er ein underart av kystfrøstjerne og har forvilla seg nokre stader på Austlandet og Sørlandet.

Kjenneteikn

Stor kystfrøstjerne er ei 40–60 cm høg, fleirårig og snau urt med om lag rette, opprette stenglar som er greina i øvre delen. Blada er store og breie, fint oppdelte, 3–4 gonger finna med 15–30 mm breie småblad. Blomane er samla i ein vid og open, riktblømande topp med gule, lutande blomar. Blomane er små og firetalige utan kronblad, med begerblad som tidleg fell av og med talrike pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Pollentrådane er granne og gule eller bleikraude. Pollenknappane er gule og langt broddspisse. Arra har svært korte papillar. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, 2–3 mm lange, og grøne med langsgåande ribber.

Kromsomtal

Underarten er heksaploid med grunntal x = 7. 2n = 42. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stor kystfrøstjerne er innført som prydplante og forvilla nokre stader på Austlandet inn til Ringsaker (Hedmark) og på Sørlandet vest til Flekkefjord (Vest-Agder). Underarten er heimleg i Europa og truleg òg i Nordvest-Afrika og i store delar av Asia.

Forvekslingar

Stor kystfrøstjerne kan verte forveksla med den heimlege underarten lita kystfrøstjerne subsp. arenarium, men dei skil seg mellom anna i storleiken på planten (stor kystfrøstjerne er 40–60 cm høg, medan lita kystfrøstjerne er 10–40 cm høg), stengel (om lag rett og berre med greiner øvst hos stor kystfrøstjerne, noko sikksakk-bøygd og med greiner langt ned hos lita kystfrøstjerne), småblad (stor kystfrøstjerne har småblad som er 15–30 mm breie, medan lita kystfrøstjerne har 5–15 mm breie småblad) og smånøtter (stor kystfrøstjerne har 2–3 mm lange smånøtter, medan lita kystfrøstjerne har 3–5 mm lange smånøtter). Stenglane er dessutan snaue hos stor kystfrøstjerne, medan dei oftast er litt dunhåra hos lita kystfrøstjerne. Til sist, stor kystfrøstjerne har langt broddspisse pollenknappar, medan lita kystfrøstjerne har kort broddspisse pollenknappar. Sjå elles arten kystfrøstjerne for skilnadar mot russefrøstjerne T. kemense.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Stor kystfrøstjerne Thalictrum minus subsp. minus  www.artsdatabanken.no/Pages/286512. Lasta ned <dag/månad/år>.