Lita kystfrøstjerne
Thalictrum minus subsp. arenarium
Lita kystfrøstjerne ein heimleg plante som tilhøyrer arten kystfrøstjerne. Underarten veks spreidd i kyststrøk frå Østfold og Akershus til Hordaland.
Kjenneteikn
Lita kystfrøstjerne er ei 10–40 cm høg, fleirårig og noko dunhåra urt med sikksakkbøygd, liggjande til opprett stengel som er greina i øvre halvdelen. Blada er store og breie, fint oppdelte, 3–4 gonger finna med 5–15 mm breie småblad. Blomane er samla i ein vid og open, riktblømande topp med gule, lutande blomar. Blomane er små og firetalige utan kronblad og med begerblad som tidleg fell av, og med talrike pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Pollentrådane er granne og gule eller bleikraude. Pollenknappane er gule og kort broddspisse. Arra har svært korte papillar. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, 3–5 mm lange, og grøne med langsgåande ribber.
Kromosomtal
Underarten er heksaploid med grunntal x = 7. 2n = 42. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Lita kystfrøstjerne veks på tørr, baserik sandmark, berg og i ur i nemoral til boreonemoral sone (dels òg i sørboreal sone). Underarten er sørleg og har to hovudområde. Eitt frå Oslo sør til Hvaler (Østfold) og Kragerø (Telemark), og eitt frå Lista (Vest-Agder) over Jæren og Karmøy (Rogland) til Hardanger (Hordaland). Dette gapet heng saman med dei økologiske krava til underarten; han er knytt til noko baserik berggrunn og til sanddyner, og mellom Kragerø og Lista er det svært få egna veksestader. Han er funnen opp til 850 moh. i Voss (Hordaland). Økologi og utbreiing er kort diskutert hos Fægri (1960). Underarten er utbreidd i Vest- og Sør-Europa.
Forvekslingar
Lita kystfrøstjerne kan verte forveksla med den innførte underarten stor kystfrøstjerne (subsp. minus), men dei skil seg mellom anna i storleik på planten (lita kystfrøstjerne er 10–40 cm høg, medan stor kystfrøstjerne er 40–60 cm høg), stengel (noko sikksakk-bøygd og med greiner langt ned hos lita kystfrøstjerne, rett og berre med greiner øvst hos stor kystfrøstjerne), småblad (lita kystfrøstjerne har 5–15 mm breie småblad, medan stor kystfrøstjerne har småblad som er 15–30 mm breie) og smånøtter (lita kystfrøstjerne har 3–5 mm lange smånøtter, medan stor kystfrøstjerne har 2–3 mm lange smånøtter). Stenglane er dessutan oftast litt dunhåra hos lita kystfrøstjerne, medan dei er snaue hos stor kystfrøstjerne. Til sist, lita kystfrøstjerne har kort broddspisse pollenknappar, medan stor kystfrøstjerne har langt broddspisse pollenknappar. Sjå elles arten kystfrøstjerne for skilnadar mot russefrøstjerne T. kemense.
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants: Thalictrum minus: 120 + pl. LI.
Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Lita kystfrøstjerne Thalictrum minus subsp. arenarium (Butcher) Clapham. www.artsdatabanken.no/Pages/286511. Lasta ned <dag/månad/år>.