Vinterblom blømer ofte før snøen er borte.

Vinterblom er innført og dyrka som hageplante og er eit av dei første og kjæraste vårteikna sør i landet. Arten er funnen forvilla nokre få stader i låglandet og langsmed kysten av Sør-Noreg nord til Sør-Trøndelag.

Kjenneteikn

Vinterblom er ei 5–15 cm høg, fleirårig urt med knollforma jordstengel. Grunnblada er langskafta og djupt handdelte. Stengelblada er sitjande og handdelte og sit tre i krans, som eit sveip, heilt oppunder blomen. Blomane sit enkeltvis, oftast med seks store, gule og petaloide (kronbladliknande) begerblad og seks kronblad som er forma som røyrforma nektarium. Det utviklar seg oftast seks skolmkapslar.

Sitjande og handdelte stengelblad sit tre i krans heilt oppunder den gule blomen.

Det utviklar seg oftast seks skolmkapslar, men her er det færre.

Kromosomtal

Di- og triploid med grunntal x = 8. 2n = 16, 24. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vinterblom er innført som prydplante og er forvilla og etablert i plenar, på grasbakkar og i lysopen skog av ymse lågurt-typar. Han er funnen spreidde stader og hovudsakleg i kyststrøk nord til Trondheim (Sør-Trøndelag). Han er nyleg òg påvist i innlandet i Ringsaker (Hedmark) og i Tokke (Telemark). Han er heimleg i Sør-Europa.

Vinterblom i Botanisk hage på Tøyen i Oslo.

Kommentarar

Det er mogleg at det dyrka og forvilla materialet kan omfatte meir enn éin art, eksempelvis det som i Flora Nordica vert omtala som ein «local variant from Turkey» som stundom vert oppfatta som ein særskild art, E. cilicica Schott & Kotschy, utbreidd frå Tyrkia til Nord-Irak og kanskje òg i Syria. Skilnadane mellom E. hyemalis og E. cilicica, og den påståtte hybriden mellom dei, E. ×tubergenii Bowles, er etter sigande ikkje klåre.

Forvekslingar

Vinterblom har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Eranthis Salisb. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 297.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Vinterblom Eranthis hyemalis (L.) Salisb. www.artsdatabanken.no/Pages/286506. Lasta ned <dag/månad/år>.