Gullranke er innført og vert dyrka som prydplante. Arten kjem opphaveleg frå Kina og er funnen forvilla nokre få stader i Sør- og Midt-Noreg.

Kjenneteikn

Gullranke er ein fleire meter lang, veik klengjebusk med motsette, finna blad der småfinnane kan vere trekopla. Blomane er langskafta og nikkande og sit enkeltvis eller tre saman med fire gullgule, spisse, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Dei er 1,8–3,4 cm lange. Kronblad manglar (dvs at blomane ikkje har ei bikrone). Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert oftast fjørforma og sit att på frukta.

Dei kronbladliknande begerblada er gullgule og spisse. Bikrone manglar.

Fruktene er vindspreidde; griffelen, som sit att på frukta, strekkjer seg og vert ofte fjørforma.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Gullranke er innført og dyrka som prydplante og blei først funnen som forvilla i 1994. Arten er bufast og i auke. Han er funnen nokre få og spreidde stader på Austlandet frå Larvik (Vestfold) nord til Sel (Oppland) og dessutan i Gjesdal (Rogaland) og Steinkjer (Nord-Trøndelag). Arten er heimleg i Kina.

Kommentarar

Gullranke er ein nokså ny hageplante i Noreg, og han har vorte særs populær. Han forvillar seg lett og vert bufast i kratt og skogkantar der det er nok lys. Arten er meir hardfør enn storparten av dei andre Clematis-artane. Førebels er arten berre funnen i forstyrra naturtypar og på skrotemark, men han kan truleg òg spreie seg til meir naturlege naturtypar.

Forvekslingar

Gullranke har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Gullranke Clematis tangutica (Maxim.) Korsh. www.artsdatabanken.no/Pages/286494. Lasta ned <dag/månad/år>.