Engsoleie, populært kalla «smørblom», er ein velkjend middels høgvaksen plante som typisk veks på kulturmark. Han er vanleg over storparten av landet nordover til Nordland. Engsoleie er giftig, og beitedyr vik unna ho. Engsoleiene lyser difor opp jordene der dei står innimellom kukakene.

Kjenneteikn

Engsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 20–75 cm høg. Stengelen er greina, nedst med liggjande hår, men bladskafta har stundom sprikjande, lyse hår, meir sjeldan er dei snaue. Jordstengelen er vertikal og fleire cm lang, og denne underarten veks ikkje i matter. Grunnblada har kantete omriss og er delte om lag til grunnen i fem (sjeldan sju) delar. Dei nedste støtteblada i blomestanden er enklare og mindre oppdelte enn grunnblada, oftast med tre hovudflikar. Blomeskafta er trinne. Blomane er 1,5–3,5 cm breie og sit ofte mange saman. Kronblada er glinsande gule og ligg inntil kvarandre eller overlappar litt. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er 2–4 mm lange, glatte, snaue og med kort og litt bøygd nebb.

Sjølv om stengelen har liggjande hår nedst, har bladskafta stundom sprikjande, lyse hår.

Dei nedste støtteblada i blomestanden er mindre oppdelte, oftast med tre hovudflikar.

Grunnblada er kantete i omriss og delte om lag til grunnen i oftast 5 hovudavsnitt.

Blome- og fruktskaftet er trint. Smånøttene er glatte, snaue og med eit kort og litt bøygd nebb.

Kronblada er glinsande gule og overlappar litt (som her) eller ligg heilt inntil kvarandre.

Kromosomtal

Underarten er diploid med grunntal 7. 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Engsoleie veks mest på kulturmark og i beita skog i nemoral til nordboreal sone og opp i lågalpint høgdebelte. Planten er vanleg i låglandet og opp i fjelldalane på Aust- og Sørlandet og i dal- og fjordstrøk på Vestlandet og i Trøndelag. Underarten finst nordover til sør i Nordland og har ei meir uklår utbreiing lenger nord. På Svalbard veks han som tilfeldig ugras i og nær Longyearbyen. Underarten er utbreidd i Europa og Nord- og Sentral-Asia.

Kommentarar

Born har nytta engsoleie til ein morosam leik: Ein held ein blome under haka på andre for å sjå om vedkomande er glad i smør. Svaret vert oftast ja.

Forvekslingar

Engsoleie liknar på den andre underarten parksoleie subsp. friesianus, men engsoleie veks ikkje i matter medan parksoleie med lange, krypande jordstenglar gjer det. Engsoleie har dessutan oftast liggjande hår på stengel og bladskaft, medan parksoleie har sprikjande hår.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Engsoleie Ranunculus acris subsp. acris  www.artsdatabanken.no/Pages/286367. Lasta ned <dag/månad/år>.