Hybridlerk
Larix ×marschlinsii
Hybridlerk er ei krysning mellom europalerk og japanlerk, og slik kryssing skjer spontant om dei to artane veks i nærleiken av kvarandre. Hybridlerk vart først funnen som spontant oppstått i Dunkeld i Skottland ca. 1900. Krysninga er fullt ut frøfertil og har betre vekst enn begge foreldra.
Kjenneteikn
Hybridlerk blir eit tre på opptil 25 m. Nålene sit 10 eller fleire saman i buntar på tappforma kortskott på eldre skott, medan dei sit enkeltvis på årsskott. Nålene er mjuke og fell av om hausten. Unge kvistar er snaue, raudbrune til mørkbrune, og dei er svakt dogga av di dei har eit vokslag. Konglene er korte og opprette og dei fell av heile. Kvar kongle har 30–50 kongleskjel. Kongleskjela er litt utbøygde i toppen og litt finhåra. Japanlerk spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.
Kromosomtal
Hybridlerk er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.
Økologi og utbreiing
Hybridlerk er innført som skogstre, prydtre og til leplanting. Ho vart innført til Vestlandet ca. 1930, men vi veit ikkje når første forvillinga skjedde. Hybridlerk er bufast som forvilla og i rask auke i skog, kystlynghei, på vegkantar og skrotemark. Det er mange funn av ho på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal, men utbreiinga er lite kjend. Ho er funnen frå boreonemoral til sørboreal sone. Hybridlerk er fullt frøfertil, set frø som nokså ung, foryngjer seg villig, og krev som dei andre lerkartane mykje lys.
Kommentarar
Det er særleg dei siste 20–30 åra hybridlerk har vorte tatt i bruk i landet, og etter kvart er hybridlerk vorte den mest planta lerkarten i låglandet på Vestlandet.
Forvekslingar
Hybridlerk kan bli forveksla med dei andre innførte lerkartane, og kongler er viktige for identifikasjon av artane. Japanlerk Larix kaempferi har kongleskjel som er mykje utbøygde i toppen og hybridlerk har kongleskjel som er litt utbøygde i toppen. Sibirlerk Larix sibirica har kongleskjel som er litt innbøygde i toppen og hos europalerk Larix decidua er dei om lag rake i toppen. Hybridlerk og japanlerk har raudskjær på unge kvistar, noko europalerk og sibirlerk ikkje har.
Kjelder
Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023
Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.
Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.
Siter nettsida som:
Solstad H og Elven R. Hybridlerk Larix ×marschlinsii Coaz. www.artsdatabanken.no/Pages/285831. Lasta ned <dag.månad.år>.