Dokumentasjonskravet er tillagt stor vekt i risikovurderinga av framande artar, og all dokumentasjon blir arkivert i Artsdatabanken sin Framandartsdatabase. Kva som blir rekna som dokumentasjon, er breitt definert i retningslinjene.

I gjeldande retningslinjer er dokumentasjonskravet tillagt større vekt enn i tidlegare risikovurderingar. God dokumentasjon av datagrunnlaget bidrar til transparens – det blir tydeleg kva som ligg til grunn for arten sin risikokategori. Dokumentasjon er også ein føresetnad for å møte kravet om etterprøvbarheit og for å sikre kunnskapsbaserte vurderingar. Dessutan bidrar dokumentasjon til å kvalitetssikre vurderingane ved å synleggjere eventuell datamangel.

Kva er dokumentasjon?

Å dokumentere betyr i følgje nynorskordboka å stadfeste eller å prove, og ofte er det eit spørsmål om kor mykje som skal dokumenterast og kva som skal dokumenterast. Retningslinjene for framandartsarbeidet seier at all informasjon som blir lagd til grunn for vurderinga av ein art skal dokumenterast. Men kva er eigentleg meint med dokumentasjon i denne samanhengen?

I vurderinga av økologisk risiko blir dokumentasjon definert breitt. Dokumentasjon omfattar vitskaplege rapportar og publikasjonar. Det kan dessutan også omfatte upubliserte data og relevante eigne observasjonar eller analysar om artar. Personlege meldingar frå andre blir også rekna som gyldig dokumentasjon.

Dokumentasjon blir arkivert i Framandartsbasen

All dokumentasjon og relevante kjelder blir lagra i Artsdatabanken sin database for risikovurderingar, Framandartsdatabasen. Består dokumentasjonen av vitskaplege publikasjonar, blir desse siterte og lagde inn i basen si referanseliste. Upubliserte data blir lasta opp i basen dersom dataa har relevans for vurderinga. Slike filer blir gjorde tilgjengelege etter avtale med dataeigar. Relevante eigne observasjonar og betraktningar/analysar skal kommenterast i basen sine fritekstfelt. Personlege meldingar skal dokumenterast i form av namn, dato og institusjon og leggjast inn i basen.

Ikkje alle tal er mogelege å dokumentere

Kjent førekomstareal er ein viktig parameter som inngår i vurderinga av bl.a. arten si ekspansjonshastigheit. Førekomstareal er "et estimat for det spesifikke arealet som arten lever på, og som er vesentlig for dens individ". Arten sitt kjente førekomstareal er ofte dokumentert ved at ekspertane lastar opp eigne kvalitetssikra lister over førekomstane. Alternativt blir data over førekomstarealet lasta direkte frå Artskart.

Estimert antatt førekomstareal derimot, omfattar kjente førekomstareal, samt udokumenterte noverande førekomstar der arten truleg finst. På same måte er potensielt førekomstareal om 50 år basert på udokumenterte førekomstar. Det ligg altså ikkje føre krav om dokumentasjon for antatt totalførekomst eller potensielt førekomstareal av ein art, berre for kjent førekomstareal.

Vurdering av kva økologiske effektar ein framand art har, omfattar ikkje berre tidlegare og noverande effektar, men også effektar som kan forventast å skje i eit 50-årsperspektiv. Anslag av framtidige effektar er nødvendigvis meir usikre enn beskrivinga av noverande effektar. For effektar som ikkje kan dokumenterast, er det berre sannsynlege effektar som skal inkluderast. Eksempel kan vere effektar som er dokumenterte i land med eit klima tilsvarande det Noreg kan få i framtida.

Utanlandske data er også gyldig dokumentasjon

For ein del artar vil det ikkje finnast eit relevant datagrunnlag frå Noreg som kan brukast for å vurdere den forventa levealderen, ekspansjonshastigheita eller dei økologiske effektane til bestanden. Dette gjeld naturleg nok dørstokkartar, men også mange framande artar som allereie er i Noreg. Anten fordi dei er nye, vanskelege å oppdage eller rett og slett dårleg undersøkte. Dersom det ikkje ligg gode nok data føre frå Noreg, kan dokumentasjonen for eksempel byggje på artsdata frå land med bioklimatiske forhold som er samanliknbare med Noreg, eller data frå nær skylda artar med liknande levevis og demografi.