Alle har eit forhold til norsk natur – det er myra, skogen, fjella, innsjøane og havet vårt. Når fagekspertane vurderer kva påverknad framande artar har på heimlege artar og natur, har omgrepet norsk natur ei heil spesiell betydning.

Norsk natur er eit allment omgrep som omfattar all natur i Noreg. I retningslinjene som blir lagde til grunn når den økologiske risikoen til framande artar skal vurderast, blir norsk natur definert på følgjande måte: 

"Norsk natur omfatter enhver del av Norge som er utendørs (inkludert sterkt endra natur) samt stedegne arter som forekommer der; for produksjonsarter regnes ikke deres produksjonsareal til norsk natur".

Produksjonsartar og produksjonsareal

Ein produksjonsart er ein art som blir brukt i produksjonssiktemål. «Produksjonssiktemål» skal forståast i vid forstand. Dette omfattar produksjon av mat, tømmer, andre plante- eller dyreprodukt, men også artar brukt i hagar og parkar. Andre eksempel på produksjonsartar og -areal er grønsaker på ein åker, tre i eit plantefelt, pattedyr på beite, utsett ferskvassfisk i ein fiskedam og fisk i eit oppdrettsanlegg.

Norsk natur omfattar ikkje arten sitt produksjonsareal

Produksjonsarealet til ein bestemt produksjonsart, f.eks. sitkagran Picea sitchensis, er det avgrensa arealet som spesifikt er avsett til produksjon av denne arten. I dette eksempelet, eit plantefelt. Dette produksjonsarealet blir ikkje rekna som ein del av norsk natur. Derimot skal førekomstar av arten utanfor produksjonsarealet, i for eksempel heimleg furuskog, inngå i vurderinga. Det same gjeld om sitkagran spreier seg og dukkar opp i produksjonsarealet til ein annan art. Det er altså berre den framande arten sitt eige produksjonsareal som ikkje skal leggjast til grunn i vurderinga (sjå figur under).

Produksjonsarealet si avgrensing vil ofte, men ikkje alltid, vere skarp (f.eks. gjerde). Uansett bør ein operere med å sjå på ei randsone som er like brei som arten sine individ er høge som del av produksjonsarealet. Erfaringar frå arbeidet med riskikovurderingane viser at datagrunnlaget ofte ikkje er godt nok til å avgjere om nye etableringar er innanfor eller utanfor denne buffersona.

Produksjonsarealet til art A skal ikkje inngå i risikovurderinga av art A. Førekomstar av art A utanfor arten sitt eige produksjonsareal skal inngå i vurderinga. Dette gjeld også førekomstar av art A i produksjonsarealet til art B.