Til saman 125 framande treslag har i 2018 blitt vurderte med omsyn til om dei utgjer, eller kan kome til å utgjere, ein økologisk risiko i norsk natur.

Flest vurderte artar finst i bartreslektene edelgran Abies, lerk Larix, gran Picea og furu Pinus og i lauvtreslektene vier Salix, poppel Populus og kirsebær Prunus. Nokre artar opptrer både som busk og tre. Dette gjeld totalt 14 artar i slektene hagtorn Crataegus, gullregn Laburnum og vier Salix, samt hjartetre Cercidiphyllum japonicum og hybridbarlind Taxus ×media. Desse er alle førte til gruppa tre.

 

Nokre av treslaga har fått  ei felles vurdering. Det gjeld sembrafuru Pinus cembra og sibirfuru P. sibirica, sitkagran Picea sitchensis og lutzgran P. ×lutzii, samt japanlerk Larix kaempferi og hybridlerk L. ×marschlinsii. På grunnlag av ny kunnskap er det avgjort at det blir mest riktig å ikkje gjere separate vurderingar.

Mange framande treslag utgjer ein risiko i naturen

Seks lauvtreartar – platanlønn Acer pseudoplatanus, alpegullregn Laburnum alpinum, gullregn Laburnum anagyroides, balsampoppel Populus balsamifera, kurvpil Salix viminalis og alpeasal Sorbus mougeotii – og seks bartreslag – lutzgran/sitkagran Picea ×lutzii/Picea sitchensis, vrifuru Pinus contorta, bergfuru P. uncinata, vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla og hybridbarlind Taxus ×media – er vurderte til svært høy risiko SE.

Totalt er 84 treslag vurderte til å ha ein økologisk risiko i norsk natur: Forutan dei tolv artane i kategorien svært høg risiko er 11 artar vurderte til høg risiko HI og 4 artar til potensielt høg risiko PH. Størsteparten av dei vurderte treslaga har låg risiko LO eller ingen kjent risiko NK. 

Effekt på naturmangfaldet

Å vurdere økologisk risiko inneber å vurdere artane si evne til å spreie og etablere seg og kva eventuell effekt dei har har på stadeigne artar og naturtypar.

Tre som utgjer høg risiko har typisk ein høg forventa levealder, kombinert med evne til å spreie seg og etablere nye førekomstar i naturen. I nokre tilfelle består risikoen i at den framande arten kan påverke truga artar negativt, anten i dag eller i eit 50-års tidsperspektiv. Dette gjeld f.eks. grønor Alnus alnobetula. Grønor er brukt i hagar, men også til restaureringstiltak. Den har effektiv spreiing, er hardfør og konkurransesterk. Grønor har ein økologi og eit habitatval som er ulikt andre norske treslag. Den er ein spesialist på bratte, ustabile åssider, snøras-renner og skredmark. Her vil den på sikt kunne vere ein trugsel mot truga artar. Om den etablerer seg i større omfang i norsk natur, vil den få stor effekt fordi den kan fylle ein nisje som ingen andre nordiske artar kan fylle. Den utgjer truleg ikkje ein stor trugsel i eit kortsiktig tidsperspektiv – men i eit lengre perspektiv er dette ein art som utgjer høg risiko for naturmangfaldet.

Eit treslag som allereie er utbreidd i naturen er platanlønn Acer pseudoplatanus. Arten koloniserer betydelege areal i både lauvskog og barskog. I semi-naturleg jordbruksmark (kulturmark) som ikkje er i bruk, kan platanlønna nærmast danne reine bestandar. Arten er konkurransesterk og fotrengjer artar som høyrer naturleg heime i Noreg, som f.eks. barlind og lind.

Når framande treslag koloniserer og dermed påverkar raudlista naturtypar, utgjer dei ein økologisk risiko i norsk natur. Fleire av dei framande treslaga er observerte i kystlynghei, ope grunnlendt kalkmark og sanddynemark. Eit av dei, vrifuru Pinus contorta, blir vurdert å ha stor negativ økologisk effekt fordi den utkonkurrerer bestandar av lyskrevjande, sårbare og truga planter. Vrifuru er forventa å spreie seg ytterlegare i opne område som kystlynghei, boreal hei og sanddyner dei neste tiåra.

Eit fåtal treslag har høg risiko fordi dei kan krysse seg med heimlege artar. Om det skjer ei tilbakekrysning med ein av foreldreartane (introgresjon), vil dette medføre genetisk forureining av stadeigne bestandar. Det er for eksempel godt dokumentert at hybriden grønpil Salix ×fragilis hybridiserer med heimleg istervier S. pentandra. Dette gjeld også truleg hybridbarlind Taxus ×media, som sannsynlegvis kan overføre genar til heimleg barlind Taxus baccata, vurdert som truga i Raudlista 2015.

Fleire artar er vurderte til ein lågare kategori

Ei samanstilling av artane som blei vurderte både i 2012 og 2018, viser at det er fleire artar som har fått ein lågare enn ein høgare kategori: 12 artar har fått redusert risikokategorien med eitt trinn, 6 artar har fått redusert kategorien med to trinn og to artar er reduserte med tre trinn. Sistnemnde er artane berlinarpoppel Populus ×berolinensis og skjørpil Salix euxina. Desse blei vurderte til svært høg risiko i 2012, mens dei i 2018 er vurderte til å utgjere låg risiko. Årsaka er at kunnskapsgrunnlaget ikkje gir grunnlag for å vurdere desse til nivå 3 i økologisk effekt, slik det blei gjort i 2012. Lågare risiko for skjørpil er skulda for at S. euxina og kultivaren S. euxina 'Bullata' no blir vurderte separat.

13 artar er vurderte til å utgjere ein større risiko no enn i 2012. For eksempel har vrifuru Pinus contorta og kurvpil Salix viminalis endra kategori frå potensielt høg risiko til svært høg risiko. Lundalm Ulmus minor er også vurdert til å ha høgare risiko no enn i 2012. Arten har endra risikokategori frå låg til høg risiko. Noko av auken er relatert til felles vurdering av nokre av treslaga.

Ikkje alle treslag blir risikovurderte

43 treslag fell utanfor definisjon og avgrensingar i gjeldande metodikk og er ikkje risikovurderte.  Artar som er dokumentert etablerte før 1800 blir ikkje risikovurderte. Nytt kunnskapsgrunnlag har ført til at både edelgran Abies alba og europalerk Larix decidua no blir rekna som etablert før 1800 – desse er dermed ikkje vurderte i 2018. Artar som sannsynlegvis ikkje vil etablere seg i Noreg innan 50 år blir heller ikkje vurderte, f.eks. daddelpalme Phoenix dactylifera. Dette gjeld også gamle produksjonsartar som f.eks. eple Malus ×domestica og kirsebær Prunus cerasus. Nokre underartar, kultivarar etc. går også ut, og følgjer statusen til moderarten.