Artsdatabanken har oppgåva med å vurdere økologisk risiko knytt til artar som ikkje er naturleg heimehøyrande i Noreg (framande artar), og føre oversikt over slike artar som er påviste i landet. 

I mangel på ein anerkjent internasjonal metode for økologisk risikovurdering av framande artar, har Noreg utvikla eit kriteriumsett som er kvantitativt og generelt. Det vil seie at kriteriesettet kan brukast på alle organismegrupper, og at risikokategoriane dermed er samanliknbare på tvers av soppar, insekt og karplanter. Dette har vore eit nybrotsarbeid som har gått føre seg over lang tid.

Den fyrste generasjonen kriteriumsett, som blei nytta på nokre utvalde artar i 2007; Norsk svarteliste 2007 – økologiske risikovurderinger av fremmede arter, var baserte på kvalitative vurderingar av økologiske effektar. Sannsynlegheita for introduksjon, spreiing og effekt på stadeigne artar blei uttrykt i tre kategoriar: 'høg', 'ukjent' og 'låg'. Slike kvalitative vurderingar inneheld ein høg grad av subjektivitet, og vurderingane er lite repeterbare.

I samråd med Artsdatabanken starta Senter for bevaringsbiologi (seinare Centre for Biodiversity Dynamics), ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) arbeidet med å utvikle ein standardisert metodikk for å vurdere framande artar sin økologiske risiko. Denne metoden har undervegs blitt modifisert slik at den kan brukast på tvers av alle organismegrupper, og det var denne metoden som danna grunnlaget for den andre økologiske risikovurderinga av framande artar i Noreg, Framande artar i Noreg – med norsk svarteliste 2012. Metoden var basert på eit semi-kvantitativt kriteriumsett, dvs. på nokre av kriteria blei det brukt verbale beskrivingar og ikkje tal for å avgrense kategoriane, og kriteriumsettet blei brukt på alle framande artar per definisjon og avgrensing.

Innspel på metode og risikovurderingar

Sidan risikovurderinga i 2012 har metoden blitt ytterlegare justert, bl.a. som følgje av at Artsdatabanken ønskte innspel frå relevante styresmakter, andre brukarar og fagekspertar. Det var viktig å ha ei brei forankring av arbeidet og å kjenne kunnskapsbehova til dei ulike brukarane, og ei etterlysing av brukarbehov blei gjord i 2014. I etterkant blei det sett ned ei referansegruppe som jobba vidare med metodejusteringa, før vi hadde ein offentleg innspelsrunde på metode og kriteriumsettet i 2015.

Metoden i 2018 er i heilskap kvantitativ. Ein kvantitativ metode betyr at vurderinga er basert på numeriske verdiar, heller enn subjektive termar som låg, moderat og høg, for å anslå arten sin økologiske påverknad i norsk natur. Ei fullstendig oversikt over metoden som er brukt i 2018 finst i publikasjonen Retningslinjer for økologisk risikovurdering av fremmede arter, versjon 3.5. Der finst også ei oversikt over endringar i metoden frå 2012 til 2018, som i hovudsak gjeld nokre justeringar i avgrensinga av ein framand art (historisk, geografisk, økologisk og taksonomisk), og nokre justeringar i kriteriumsett. Sjølve grunnstrukturen er uendra, men enkelte terskelverdiar på kriteria er justerte, og berekning av ekspansjon har fått ein ny definisjon. Det har også blitt tatt omsyn til fleire viktige brukarbehov. I 2018 er uvisse synleg i vurderingane, ein har tatt omsyn til geografisk variasjon der det har vore mogeleg ut frå kunnskapsgrunnlaget, og eit utval av regionalt framande artar har blitt vurderte.

Metodeutviklinga og det arbeidet som Noreg har gjort på framande artar har blitt lagt merke til i andre land, og den norske metoden GEIAA (Generic Ecological Impact Assessment of Alien Species) har vore eit viktig bidrag i arbeidet med framande artar i Europa. Det er spesielt interessant at Sverige i sitt fyrste arbeid med å vurdere økologisk risiko no nyttar den norske metoden.