Scalidophora i Noreg
7-24
Scalidophora er ei gruppe marine evertebratar der taksonomien er usikker. I Noreg har vi òg lite kunnskap om mangfaldet og utbreiinga av desse artane. Prosjektet "Scalidophora i Noreg" skal auke kunnskapen om Scalidophora i våre farvatn.
Scalidophora omfattar dei tre dyregruppene Kinorhyncha, Loricifera og Priapulida.
Kinorhyncha, eller kinorhyncher på norsk, er små dyr, mindre enn 1 mm, som lever på havbotnen. I Noreg er det funne 16 artar av kinorhyncher, men vi har truleg dobbelt så mange.
Loricifera er òg veldig små dyr, i mange tilfelle mikroskopiske. Guppa er enno berre påvist med to eksemplar i Noreg, noko som er overraskande med tanke på at vi har ein lang kyst med mykje sandbotn der ein kunne forvente å finne Loricifera.
Priapulida er ei gruppe marine markar som er kjende frå kysten av Noreg og i norske farvatn. Dei blir frå 5 mm til 20 cm lange, og lever på gjørmebotn.
Deltakarane i prosjektet "Scalidophora i Noreg" kjem frå Noreg, Polen, Spania og Danmark, og er ekspertar på taksonomi, økologi og genetikk.
Hovudmålet for prosjektet er å kartleggje mangfaldet innan Scalidophora i Noreg, med særleg vekt på Nord-Noreg og Svalbard. I løpet av den tre år lange prosjektperioden vil det bli gjort innsamling av dyr frå ulike marine habitat. Dyra vil bli artsbestemde ved hjelp av tradisjonell taksonomisk metode, det vil seie studiar av morfologi, og mikroskopering (lysmikroskop og sveipelektronmikroskop).
Artar som blir bestemde morfologisk, vil bli DNA-strekkoda via det nasjonale DNA-strekkodebiblioteket NorBOL. Det vil bli gjennomført ei evaluering for å finne ut meir om kva strekkodemarkørar som eignar seg best for å identifisere Scalidophora (blant dei COI, 18s, 28s, og mitokondriemarkørar).
Nye artar som vert oppdaga i løpet av prosjektperioden vil bli beskrive vitskapleg og publiserte.
Artsdatabankens tenester Arter på nett og Artsorakel vil bli oppdatert med informasjon om artane som blir funne og kvar dei blir funne, slik at samfunnet får betre forståing for desse relativt ukjende artane.
Gjennom å arrangere kurs i regi av ForBio, vil prosjektet òg bidra til å utdanne nye taksonomar med kunnskap om korleis ein bestemmer Scalidophora.