Virginiakarse er ein framand, nordamerikansk art som er komen inn med amerikansk korn og grasfrø og med ulike transportmiddel. Det er usikkert om han har bufast førekomst i Noreg.

Kjenneteikn

Virginiakarse er eittårig og har opprette stenglar opptil 50 cm. Grunnblada og dei nedre stengelblada er fjørdelte med stor endeflik, men grunnblada visnar tidleg. Dei øvre stengelblada er smalt avlange og kvasstanna. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Kronblada er oftast tydelege og 1,5 gonger så lange som begerblada, men dei kan stundom vere ørsmå eller dei manglar. Blomen har to pollenberarar. Frukta er ei om lag sirkelrund kortskulpe som er (2,5–)3–3,7 mm lang. Ho har ein smal vengjekant med eit grunt innhakk som griffelen ikkje stikk utom. Frøa er utan tydeleg vengjekant.

Kromosomtal

Virginiakarse er tetraploid (sjeldan diploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32 (16). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Virginiakarse er framand og er komen inn i hamner, ved møller og på anna skrotemark. Dei første heilt sikre funna er frå “Hunsfos” i Vennesla (Vest-Agder) i 1896, men det er eit tidlegare funn frå 1881 (Stjørdal, Nord-Trøndelag) som kan vere riktig. Sidan er han funnen, men ofte med usikker identifikasjon, i kyststrøk frå Østfold til Farsund (Vest-Agder) og dessutan i Stavanger (Rogaland), Vaksdal og Osterøy (Hordaland, ved møller) og i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag, ved møller og kornsiloar).

Virginiakarse er heimleg i Nord-Amerika (sjeldsynt i Canada, nokså vanleg i USA) og i Mellom-Amerika, og han er vidt utbreidd som kulturspreidd mange andre stader i verda.

Kommentarar

Virginiakarse høyrer til ei nordamerikansk gruppe av svært nærskylde einingar. Rundkarse Lepidium neglectum og virginiakarse er kanskje berre delar av ein polymorfi som kjem av innavl innanfor den sjølvpollinerte, vidt avgrensa arten tettkarse Lepidium densiflorum. Al-Shehbaz og Gaskin (2010) inkluderer rundkarse i tettkarse, men held virginiakarse utanfor. Vi har her valt å behalde alle tre som artar, då dei skil seg noko frå kvarandre morfologisk, men den beste løysinga kan vere å inkludere rundkarse i arten tettkarse, noko både Rich (1991), Al-Shehbaz og Gaskin (2010) og Stace (2019) gjer.

Forvekslingar

Hos virginiakarse og rundkarse Lepidium neglectum er skulpa sirkelrund i omriss, medan ho er breitt omvendt eggforma hos tettkarse Lepidium densiflorum. Hos rundkarse og tettkarse er kronblada anten heilt reduserte eller svært små og kortare enn begerblada, medan dei hos virginiakarse oftast er velutvikla og om lag 1,5 gonger så lange som begerblada.

Elles kan virginiakarse bli forveksla med den mest vanlege Lepidium-arten i Noreg, stankkarse Lepidium ruderale. Medan virginiakarse har frukt som er om lag sirkelrund i omkrins og som sit på eit skaft som er om lag jamlangt med skulpa, har stankkarse ei frukt som er breitt elliptisk i omkrins eller litt breiare nedanfor midten, og som sit på eit skaft som er tydeleg lengre enn skulpa. Stankkarse har òg ein mykje meir uryddig og uregelrett greina fruktstand enn rundkarse, tettkarse og virginiakarse.

Kjelder

Al-Shehbaz IA og Gaskin JF (2010). Lepidium Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 570–595.

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Virginiakarse Lepidium virginicum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345635. Lasta ned <dag.månad.år>.