ICHNOR – Ei undersøking av utvalde underfamiliar av Darwinvepsar i Noreg
4-24
Kunnskapen om parasittiske veps i Noreg er generelt svært dårleg både når det gjeld taksonomi, utbreiing og økologi. Dette sjølv om dei utgjer ein stor del av det totale artsmangfaldet og har ein viktig reguleringsfunksjon i økosystema.
Årevenger eller veps (Hymenoptera) er den mest artsrike insektordenen i Noreg, med meir enn 5500 kjende og truleg nesten 2300 ukjende artar. Ca. 80 % av vepsefaunaen i Noreg har eit parasittisk levesett ved at dei snyltar på andre invertebratar. Parasittiske veps finst i alle terrestriske naturtypar som har eit rikt utval av potensielle vertar.
I dette prosjektet er hovudmålet å gjennomføre kartlegging av parasittiske veps i utvalde underfamiliar (Acaenitinae, Anomaloninae, Banchinae og Pimplinae) innan Darwinvepsar (Ichneumonidae). Dette skal skje i eit vidt utval av naturtypar. Kartlegginga vil skje ved å samle inn dyr ved hjelp av malaisefeller (teltfeller), og dessutan manuelle innsamlingar.
Vidare skal det gjerast taksonomiske revisjonar av vanskelege artsgrupper eller slekter der artsavgrensinga er uklar. Taksonomiske revisjonar vil bli gjorde ved å bruke ein kombinasjon av morfologiske og molekylære metodar (integrativ taksonomi).
For alle artar i dei prioriterte gruppene, vil det bli utarbeidd art-habitatrelasjonar etter Natur i Noreg (NiN). Alle artar som blir samla inn, vil bli DNA-strekkoda. I tillegg til omfattande ny-kartlegging, vil innsamla materiale frå tidlegare Artsprosjekter bli vidare bearbeidd.
Det er venta at det gjennom prosjektet vil bli funne mellom 50 og 75 nye artar for Noreg, og ein stor del av desse vil òg vere nye for vitskapen. Med andre ord vil det totale materialet i prosjektet gi svært mykje ny kunnskap om desse artsgruppene, mellom anna med omsyn til taksonomi og utbreiing. Dette er kunnskap som vil ha mykje å seie for framtidige raudlistevurderingar, og resultatet vil òg gi vesentleg bidrag til strekkoding av norske artar gjennom NorBOL.
Prosjektet vil leiast av NTNU Vitenskapsmuseet, men med aktive samarbeidspartnarar, mellom anna Artdatabanken i Sverige, det Finske Naturhistoriske Museet i Helsingfors, Natural History Museum i London og Stavanger Museum.
Det er laga ein plan for korleis kunnskapen om dei aktuelle artsgruppene kan overførast frå ekspertar til prosjektmedarbeidarar, studentar og andre interesserte.
Det er eit mål å nå ut til offentlegheita med informasjon frå prosjektet gjennom vitskapleg og populærvitskapleg publisering, og aktivitet i sosiale media.