Avdekking av det rike, skjulte mangfaldet av mikrofilamentøse marine grønalgar
6-24
Floraen av små, trådforma marine grønalgar (Chlorophyta) langs kysten av Noreg har i stor grad blitt oversett. Dette prosjektet har som mål å finne og artsbestemme slike artar, for å tette delar av kunnskapsholet.
Dei store algeartane (makroalgar) i havet er vertar for eit breitt spekter av små (mindre enn 0,5 cm), og ofte godt skjulte algeartar, som veks på overflata av- eller inne i makroalgane.
Desse såkalla trådforma (mikrofilamentøse) marine grønalgane (MFGA) er vanskelege å finne, og også vanskeleg å artsbestemme i felt. Dei kan stundom bli bestemde ved hjelp av morfologi, men ikkje alltid. Når mange av artane i tillegg lever saman, gjer dette at det er nødvendig å ta dei med til laboratoriet og dyrke dei for å kunne skilje dei frå kvarandre.
Fordi dei er vanskeleg å finne er MFGA ei oversett gruppe i Noreg, og vi veit lite både om taksonomi og geografiske utbreiing til desse artane. Mest sannsynleg finst det langt fleire artar enn det som så langt er registrert.
Hovudmålet for dette prosjektet er å lage ei oversikt over mangfaldet av MFGA artar i fire definerte økoregionar langs kysten av Noreg, inkludert ein lokalitet med dyrka tare. Ulike vertar og ulike underlag (steinar, skjel, sjøgras) skal undersøkjast, for å dekkje mange habitattypar og breiddegradar.
Arbeidet vil inkludere feltobservasjonar og dyrking i laboratorium. Det vil òg bli brukt molekylære teknikkar (DNA-strekkoding, high-throughput sekvensering) i kombinasjon med moderne modellbasert artsavgrensing. Ved å bruke denne tilnærminga vil det vere mogleg å identifisere artar, undersøkje kryptisk mangfald, kartleggje artsfordeling og byggje opp eit DNA-strekkodebibliotek for framtidig bruk av eDNA-teknikkar.
Prosjektet vil jobbe for å opprette eit nettverk for samarbeid om taksonomi på algar, ved å samle den fåtalige og spreidde ekspertisen på desse artane i verda. For å overføre kunnskap frå ekspertane til nye generasjonar, skal det arrangerast kurs for studentar i algetaksonomi og artsbestemming, og det skal rekrutterast to M.Sc. studentar som skal jobbe på prosjektet.
Vidare skal det arbeidast for å gjere MFGA meir allment kjent, gjennom foredrag og publisering på sosiale medium. Det skal òg lagast ein oppdatert nettbasert nøkkel basert på bilete, for å bestemme artar.
Prosjektet skal bidra til at DNA-strekkodebiblioteket for algar blir meir komplett, ved å levere kulturar av nye artar til den norske algekultursamlinga (NORCCA). Det vil òg bli levert artseksemplar til Herbarium BG ved Universitetsmuseet i Bergen.